Dette spelet er heilt unikt
Kan du vinne mot dei mektige naturkreftene?
Dette er definitivt noko langt utanfor allfarveg. Det finnest mange gudesimulatorar der ute, men stort sett handlar dei om å byggje opp ein sivilisasjon, drive diplomati med andre sivilisasjonar eller i staden drive krig mot andre sivilisasjonar før du står tilbake som den største og sterkaste av dei alle.
Slik er det ikkje i From Dust. Det som finnest av sivilisasjonar i dette spelet er små og sårbare stammar av folk som spring rundt med rare masker, slår på trommer, og ber framfor svære totempålar. Di oppgåve er å omrokkere på jordskorpa. byggje demningar, leie ein vulkan vekk frå den kjære landsbyen – og sist men ikkje minst – kome deg fram til ein portal slik at du kan gjere det heile på ny.
La det bli sand
I From Dust har du to primærfunksjonar. Med den venstre avtrekkjaren på kontrollaren løftar du opp sand, vatn eller lava, og med den høgre avtrekkjaren slepp du det frå deg. Det er dette du vil bruke det meste av tida di på. Du løftar og tømmer konstant gjennom heile spelet, og sakte, men sikkert når du måla dine.
Kvart nivå presenterer eit scenario. Målet er alltid å kome fram til portalen som leier vidare, men det finnest inga bestemt rute for å kome dit. Du startar i eit område – ofte ei eller fleire øyer midt på havet – og må slå deg ned ein stad. Akkurat her har du ingen val. Du finn fleire forskjellige totempålar på kvart nivå, og du kan berre slå deg ned ved ein av dei. Kvar totempåle gjev deg samtidig ei spesiell kraft, og utan desse kreftene blir det vanskeleg å kome vidare.
Det handlar om å overleve
From Dust er eit kreativt og modig spel som tør å bryte med alt vi er vande med. Klart vi har sett spel der du tek rolla som ein Gud før, men ikkje på denne måten. Eg kan garantere deg at du aldri har spelt eit spel der naturen blir så til dei grader styrt av ein fysikk som imponerande nok oppfører seg slik du forventar at den skal gjere i det verkelege liv.
Dette er eit spel som handlar om å overleve. Det handlar om å både kjempe mot og med naturkreftene slik at du kan kome deg vidare til neste nivå. Det handlar om ein nådelaus harmoni med dei forskjellige elementa, og der du det eine minuttet blir redda av havet, blir du det neste vaska bort av det.
From Dust sitt unike konsept er kanskje ikkje for alle, men det er eit spel som verkeleg slår fast at det framleis er fullt mogleg å kome på nye konsept og idear som kan vere minst like verdfulle å bruke tida på som ditt siste storspel.
From Dust er i sal via Xbox Live Arcade. En PC-utgåve ventes 17. august, mens PlayStation 3 får spelet senere i år.
Dom Xbox 360: 9/10 KLASSISK
Vil du vite meir?
Les hele anmeldinga av From Dust på Gamer.no.