Tactics Ogre: Let Us Cling Together - Ei klassisk perle
Av: Øystein Furevik, Gamer.no
Midtvegs i utviklinga av Final Fantasy XII forsvann regissør Yasumi Matsuno frå jordas overflate. No er han derimot tilbake, og saman med originalbesetninga – inkludert komponist Hitoshi Sakimoto – let han ein ny generasjon få ta del i eit av dei beste taktikkspela gjennom tidene.
Gammalt på nytt
Tactics Ogre: Let Us Cling Together er ein nyversjon av eit gammalt Super Nintendo-spel, og naturleg nok er det ikkje akkurat det mest avanserte spelet reint teknisk. Det byr på enkel og nostalgisk sprite-basert grafikk, men det får jobben gjort. Det har ein unekteleg sjarme over seg, og dei forskjellige områda viser ofte kor mykje personlegheit ein kan få til med enkle metodar. Det har likevel skjedd nokre endringar, og då først og fremst gjennom flotte personportrett og veldig stilreine og effektive menyar.
Lat oss klengje i hop
På sett og vis kan ein seie at har du spelt eit taktikkspel har du spelt dei alle. Du vil lett kjenne deg igjen i dei grunnleggjande mekanikkane Tactics Ogre byr på, og det skal veldig lite til for å få tak på spelet. Du flyttar figurar etter tur på eit rutenett, og vel ei handling som passar for den situasjonen du skulle vere i. Du treff betre med eit angrep ved å angripe bakfrå, og du har lettare for å hoppe unna eit angrep om du ser det kome. Så langt er alt såre enkelt, og det er ikkje mykje ved dette oppsettet som bør invitere deg til fråde om kjeften med mindre du frådar kvar gong du høyrer ordet «taktikk», men alt eg har nemnt så langt er berre spiren som snart vil vakse seg til eit massivt tre.
Treff blink
Er du av sorten som meiner alt var betre før, og at spela no til dags ikkje kan måle seg med perlene frå din spede barndom? Da er Tactics Ogre: Let Us Cling Together eit nødvendig kjøp. Det er ei perle av imponerande dimensjonar som leverer oss ein herleg pakke som treff blink på alle punkt.
Det er få taktiske rollespel som leverer sakene så til dei gradene som Matsuno og kompani gjorde med dette spelet på 90-talet, og det er ei sann glede å no sjå at det er tilbake. Det er eit spel som gjev deg ei monumental kjensle av at alt ein gjer har mykje å seie for framtida. Du endrar ikkje historia på nokon måte, men kvar nye eigenskap du kjøpet, og kvart trekk du gjer i eit slag kan få uventa konsekvensar både på godt og vondt.
Spring til næraste butikk
Som eit bakteppe for dette fantastiske spelet ligg ei historie som fullstendig gruslegg det meste vi har sett i nyare tid. Om du verkeleg vil ha noko modent og intelligent, er dette spelet du har venta på. For din del er det berre ein ting å gjere. Spring til næraste butikk og stem på fleire taktiske perler med lommeboka di.
Dom: 9/10 KLASSISK
Les heile anmeldelsen av Tactics Ogre: Let Us Cling Together på Gamer.no