Til hovedinnhold

Gaming

TestAnmeldelse: Prototype 2 (PS3)

Ein actionfest utan like

Med god hjelp frå deg vil New York gå opp i flammar.

[Gamer.no]: Det er ei merkeleg ro som senkar seg over kroppen når ein omsider står der på toppen av ein skyskrapar og ser den raude himmelen i det fjerne. Kvelden er ung, men likevel heng den tungt over byen. I det fjerne kan du sjå skyskraparane løfte seg frå bakken som einsame kjemper. Svart røyk frå den siste eksplosjonen som skaka innbyggjarane som er uheldige nok til å bu her, medan støyen frå krigande soldatar fortel deg at det aldri er ei stille stund i New York. Samtidig blir øyra fylt med nedstemte strykarar som knar strengane med aukande intensitet.

Det er nesten vakkert. Det er kanskje ein by som held på å rakne i saumane, men det er din by. Du eig denne byen, og alle som trur noko anna har ein utriveleg konfrontasjon i vente.

Kom og få litt kos.

Herre, for ein by

Det er mykje som kjempar om merksemda di i Prototype 2, men den verkelege stjerna er byen. Alt handlar om byen som let deg gjere så uhorveleg mykje på ein så saumlaus måte at det heile flyt saman til ei herleg røre. I byrjinga spring du berre langs bakken, hoppar opp på nokre tak, og klatrar langs veggar, medan du hastar frå det eine oppdraget til det andre. Etter kvart låser derimot spelet seg opp, og du blir stadig sterkare, raskare og meir i stand til å møte alle utfordringar spelet legg i vegen din.

Det heile minnar meir om Crackdown enn det første Prototype-spelet. Når du skal frå ein stad til ein annan er det berre hustaka som gjeld, og når du etter kvart byrjar å hoppe fleire hundre meter om gongen, før du glir av stad som ein litt billeg versjon av Superman er det lett å gløyme at Crackdown har gjort mykje av dette før. Dette er betre. Det har betre flyt, og når du skal gå frå å springe og fly til å lande og slå til ein bøling med fiendar skjer det på ein så saumlaus og kjapp måte at det nesten kjennest som om det heile heng saman med solide strikkar.

I rolla som James Heller er du på hemntokt, og målet ditt er Alex Mercer, helten frå det første spelet. Det er han som får skulda når kona og dottera til Heller døyr, og Heller skyr ingen midlar for å få sin blodsrett.

Tru på ingen måte at Heller er ein snill pusekatt som følgjer alle lover og reglar i jakta på Mercer. Etter å ha blitt smitta av det same viruset som gav Mercer krefter i det første spelet legg du ut på ei lang og adrenalinpumpande reise utan omsyn for noko anna enn hemnen som held han gåande. Dei uskuldige forgjengarane fyller gatene og reagerer med panikk kvar gong eit basketak oppstår, men for Heller er dei ikkje stort meir enn livgivande mat når helsa er retrett.

Kos deg i sandkassa

Prototype 2 er ein actionfest utan like. Det er eit spel som gjev deg ei massiv sandkasse, mange herlege leikar for småvaksne born, dyttar deg uti og flirar: «kos deg».

Når James Heller er meir oppteken av å kverke fiendar enn å banne er han ein herleg hovudperson som byr på meir moro enn du har hatt på lang tid. Du kjem til å springe over hustak, hoppe fleire hundre meter om gangen, og lande med eit kraftig smell i bakken slik at bilar, sivile og nokre tøft kledde soldatar flyr fleire meter i alle retningar.

Dette er eit spel som først og fremst handlar om å ha det moro med å øydeleggje alt som øydeleggjast kan, og det oppnår dette utan problem. Det har sine små skavankar som kan skape litt kluss i dei mest intense kampane, men det aller meste av tida di vil gå med på å berre ta eit oppdrag til slik at du kan sjå kva den neste oppgraderinga vil føre med seg.

Prototype 2 er i sal for PC, PlayStation 3 (testet) og Xbox 360.

Dom PlayStation 3: 8/10 SVÆRT GODT

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av PES 2012 på Gamer.no »

annonse