Windows i bilen?

Microsoft, som for tida arbeidar med å få innpass både i musikk- og hjemme-markedet, har no altså enno eit nytt satsingsområde. Deira nye produkt vil kunne kontrollere alt frå bilunderhaldning til satelittnavigasjon. Windows-versjonen får navnet Windows Automotive.

Det er avdelinga Automotive Business Unit som driv med utviklinga. Programvare for bilar er framleis eit ungt marked, og Microsoft håpar no å få innpass før Linux gjer det. Og håpa for kva teknologien kan gjere er høge; ved å kople ein Bluetooth-mobil til bilens innebygde datamaskin, kan du be om prisane på den billigaste bensinen eller få ein oversikt over den beste vegen å køyre. Alt via ein nettoppkopling til MSN.

Microsoft forsikrar oss om at Windows Automotive ikkje vil ha nokon koplingar til lavnivå-funksjonane i bilen, slik som bremsesystema, så eit krasj i Windows Automotive vil ikkje påvirke manøvreringa av bilen. Og dersom du ønsker å ta med deg musikk på vegen? Berre hent eit Compact Flash-kort, SD Media-kort, eller ein USB-enhet med lagringsplass, og plugg den i dashbordet.

Vil Microsoft ta livet av vitsen?

Kilde: CNet News.com

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen