VisiCalc blir 25 år

Ideen med eit rekneark for ei datamaskin var vanskelig å selgje. Det var få som heilt skjønte kva dei skulle med dette, men når progammet i 1982 hadde nådd sin salgstopp, var det gjort. For mange firma kosta programmet så mykje som US $5000 i innkjøp, fordi ein måtte ha ei datamaskin og ein skrivar i tillegg.

Det grunnleggjande konseptet bak rekneark har ikkje endra seg i det heile sidan VisiCalc vart gjeve ut. Derimot er det no mogleg å sette inn objekt frå andre program, noko som ikkje var mogleg då VisiCalc vart gjeve ut.

VisiCalc vart utvikla for Apple II, den andre datamaskina som nokonsinne kom ut frå Apple. Maskina hadde heile 4KB med minne frå fabrikken, men ein kunne legge inn noko så enormt som 48K dersom ein var lagd av pengar.

Programmet vart i 1984 solgt til Lotus, etter ein periode med tvistar i det amerikanske rettsystemet. Lotus er blant anna kjend for programmet 1-2-3, ein direkte konkurrent til VisiCalc, og utviklinga av VisiCalc vart seinare avslutta.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen