Test

uDraw GameTablet (Wii)

Dagane då ein konsoll var til for å spele på – og fint lite anna – er definitivt over. No skal vi høyre på musikk, sjå film, sosialisere, og alt mogleg anna produsentane skulle finne på. THQ tek det heile eit naturleg og velkome steg vidare med sitt nyaste produkt. Eit kunststudio for Wii.

Godt grep om verktyet

Produktet byr på eit solid teiknebrett litt mindre enn to DVD-boksar lagt ved sidan av kvarandre, som gjev deg rask og lett tilgang til nyttige funksjonar via nokre knapptrykk. Brettet er derimot mykje tjukkare enn ein DVD-boks, og gjev deg eit solid og godt grep om verktyet.

Framtidas kunstnarar, sjå her!
Framtidas kunstnarar, sjå her!

Gjer teikning til ein leik

uDraw GameTablet er ein nedstrippa versjon av store, tunge, og dyre teiknestudio på PC. Det byr på mange av dei same moglegheitene og funksjonane, men i eit litt enklare og meir leikent format. Det spelar eigentleg inga rolle om du vil gje ungane ein ny måte å boltre seg på, eller berre leike deg litt på eiga hand. uDraw GameTablet er eit glimrande produkt som gjer teikning til ein leik.

Frå måling til svampar

Takka vere eit solid og komfortabelt teiknebrett kan du leike deg med alt frå måling til svampar utan å flytte deg frå sofaen ein einaste gong. Det einaste kritiske punktet er sensitiviteten til teiknebrettet. Dette er på ingen måte eit profesjonelt produkt for dei vidarekomne, sjølv om ein dyktig teiknar definitivt kan få imponerande resultat.

Menyane har alle dei viktigaste vala lett tilgjengelege.
Menyane har alle dei viktigaste vala lett tilgjengelege.

Eit genialt produkt

Dette er først og fremst laga for dei minste, og til det er dette praktisk talt eit genialt produkt. Det er likevel visse ting som gjerne skulle ha vore betre. Eg er sjølvsagt inneforstått at vi ikkje kan vente veldig høg oppløysing i denne prisklassen, men det er likevel synd at presisjonen kan gå hardt utover resultata.

Kven veit, om dette blir ein suksess får vi kanskje sjå tilsvarande produkt på Xbox 360 og PlayStation 3 med høgre oppløysing. Eg kryssar i alle fall fingrane for det.

Dom Wii: 8/10 SVÆRT GODT

Les heile anmeldinga av uDraw GameTablet på Gamer.no

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen