Trygge trådløse nett

Når naboer bruker bredbåndslinja di, er en av konsekvensene at farten reduseres. Dessuten har du ingen kontroll over hva andre bruker nettet ditt til. Post- og teletilsynet har utarbeidet noen tips for hva du kan gjøre: 

Grunnleggjande tryggleiksinnstillingar
Aksesspunkt = sjølve boksen med antenne som mogleggjer trådlaus overføring. Blir kopla til modemet. 

1. Endre standardinnstillingane og passord på aksesspunktet
SSID er namnet på det såkalla aksesspunktet ditt. Alle aksesspunkt blir levert med standard SSID og passord. Du bør bytte desse med ein gong du koplar det opp, slik at ikkje andre kan gå inn på aksesspunktet ditt og endre innstillingane. 

2. Slå på kryptering
Såkalla kryptering gjer at andre som måtte ha tilgang til nettverket ditt ikkje kan sjå kva du sender og mottek. Derfor bør du slå på krypteringa. Den mest vanlige krypteringa som blir brukt heiter WEP. Bruk 128-bits kryptering dersom dette blir støtta. Skift WEP-nøklane med jamne mellomrom. Dette gjer du via PCen. Les manualen eller spør leverandøren om hjelp! 

3. Bruk personleg brannmur på PCane i nettet ditt
På denne måten kan du unngå at andre som er tilkopla Internett kan snoke rundt på harddisken din. Brannmur bør du ha også på fast (ikkje trådlaus) breibandsline. Det er mange personlege brannmurar på marknaden. Mange antivirusprogram har også innebygd personleg brannmur. Det er til dømes også innebygd ein enkel personleg brannmur i Windows XP. Mange av brannmurane kostar pengar, medan nokre også er heilt gratis og kan lastast ned frå nettet. 

4. Slå av aksesspunktet når du ikkje brukar det.

Når aksesspunktet er avslått kan ikkje andre bruke breibandslina di. Du bør derfor skru det av når det ikkje er i bruk. 

5. Definer kva for nettverkskort som kan få tilgang til aksesspunktet
Dei aller fleste aksesspunkt gjer det mogleg å definere aksesslister, der ein kan angi kva for nettverkskort som kan få kople seg til. Alle nettverkskort har ein unik ID, MAC-adresse, som må leggast inn i aksesslista. Dette vil seie at du kan lage di eiga liste over kva for maskiner som kan få lov til å bruke lina di. Då vil berre dei som står på lista, få tilgang. Du kan leggje til og stryke adresser frå lista. 

6. Skru ned sendareffekten

Enkelte aksesspunkt og nettverkskort gjer det mogleg å justere sendareffekten. Ved å skru ned denne blir rekkjevidda på det trådlause nettet redusert, slik at du lettare kan halde det innanfor husets veggar eller eit avgrensa område.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen