Sommeren er over – nå skal det spilles

Disse spillene kommer i september.

Skulestart! Ordet som kan presse fram tårer hos vaksne menn har no kome og gått forbi. Vi går framleis på to bein, og med det kan vi ganske nøgde konstatere at årets dautid på spelfronten er over for 2011. No blir det heilt andre bollar framover. Vi står ved startlinja for fire månader med intensiv speling av alle dei største, flottaste og beste spela på denne sida av Commodore 64. Vi gløymer heller ikkje dei små perlene du kanskje ikkje visste eksisterte med mindre du les Gamer.no.

Sjølv om sommaren er ei skral tid for vår elektroniske dippeduttar har det likevel skjedd ting. August har blitt omfamna av Xbox Live Arcade-spel som Insanely Twisted Shadow Planet og Toy Soliders: Cold War, medan Square Enix har spytta på sitt eige spel ved å gje ut ein dyr, dårleg og unødvendig versjon av Final Fantasy Tactics: The War of The Lions til iPhone. Spel PSP-versjonen i staden.

August har i tillegg gjeve oss to store, flotte og herlege rollespel. Det eine er det lenge etterlengta Deus Ex: Human Revolution som vår eigen Tor Egil har kosa seg med. Personleg har eg brukt dei siste vekene på å prøve å få tid til jobb, mat og ein og annan dusj ved sidan av å spele det massivt og sensasjonelt gode japanske Wii-rollespelet Xenoblade Chronicles. Du kan eigentleg gløyme Skyrim i november, dette er alt du treng. Amorøs vurdering kjem snarast.

Elles har vi sett eit grensesprengande enormt Gamescom i Gamer.no sin favorittby Köln. Besøk gjerne vår Gamescom-seksjon for å lese meir om kva som skjedde med Lasse og Marius i Bratwurstens land.

Men vi skal ikkje bruke meir tid på å snakke om alt det som aldri skjer i august. Det er igjen tid for å sjå framover, og allereie i september får vi nokre av årets største og mest spanande titlar.

Årets vakraste spel?
Årets vakraste spel?

El Shaddai: Ascension of the Metatron

Ute: 9. september

Det er få som kan intens action like godt som japanarane. Det skulle berre mangle, dei grunnla praktisk talt sjangeren der du som einsam helt skal utlevere grisebank til alle dei som måtte fortene det. El Shaddai: Ascension of the Metatron er ikkje noko unntak frå regelen. Snarare tvert i mot. Her blir det kjemping i eit forrykande tempo, og vi kan forvente oss ein og annan absurd sjefskamp som sender rumpedaskinga i ein solid retur.

El Shaddai skil seg frå sin nære slektning Devil May Cry først og fremst gjennom eit visuelt ytre som er noko for seg sjølv. Utviklarane har valt å verkeleg ta seg kreativ fridom, og å spele El Shaddai er omtrent som å kople kontrollaren til eit måleri på veggen før du tek kontroll over situasjonen. Spelet blandar action og sideskrollande plattformsekvensar med religiøse overtonar, og vi gler oss stort.

Les meir om El Shaddai: Ascension of the Metatron

Resistance 3

Ute: 9. september

Her snakkar vi litt om å konkurrere mot seg sjølv. Ikkje berre kjem Resistance 3 ut nokre veker før Gears of War 3, men i tillegg skal det prøve å kapre kundar som likar patronar i ein haust der Nathan Drake legg ut på sitt tredje eventyr. Det kan bli ein interessant duell, men Resistance-serien er på ingen måte nokon lettvektar. Frå respekterte Insomniac Games får vi igjen reise tilbake i tid til eit tenkt scenario der romvesna har teke over kloden.

Her skal det kjempast med kreative våpen som ler av det meste konkurrenta greier å kome opp med, og her snakkar vi krigføring med stil. I Resistance 3 møter vi ein ny helt som kjempar for motstandsrørsla mot dei motbydelege Chimera-beista, og dette blir nok garantert ein kamp i motbakke.

Les meir om Resistance 3

Kameratskap og blod blir essensielle krydder i Space Marine.
Kameratskap og blod blir essensielle krydder i Space Marine.

Warhammer 40,000: Space Marine

Ute: 9. september

Her er originalen. For alle småtråkk som først starta si romanse med barske steroidemenn i rommet er det på tide med ein solid historietime. Det var i Warhammer-universet det heile starta, og no kjem Space Marine for å ta trona tilbake. Warhammer 40,000: Space Marine blandar skyting med nærkamp på ein saumlaus måte som har eitt stort mål: endelaust blodbad.

Her skal blodet flyte så til dei grader, og for å hjelpe deg med det har du sjølvsagt motorsagsverdet som definitivt har inspirert eitt og anna våpen opp gjennom tidene (Les: Lancer i Gears of War). Space Marine er litt spesielt sidan det er null fokus på dekning. I staden må du kontinuerleg springe i kamp, og om helsa skulle bli skral gjeld det berre å drepe meir. Ein fascinerande – og ikkje minst valdeleg idè – og vi får snart sjå kor bra resultatet er.

Les meir om Warhammer 40,000: Space Marine

.
Kreativt gummifresing i Treackmania 2 Canyon.
Kreativt gummifresing i Treackmania 2 Canyon.

Trackmania 2 Canyon

Ute: 14. september

Om du ikkje er den heilt store fanen av realistiske køyremodellar med tilsvarande utfordring, men likevel godt kunne tenkje deg litt fart og spaning bak rattet, kan Trackmania 2 Canyon vere spelet du har venta på. Utviklarane hos Nadeo har ikkje brukt mykje tid på å finne opp hjulet på nytt, men har i staden fokusert på å forbetre det populære spelet på alle punkt.

Som i alle andre utgåver av spelet får du byggje dine eigne baner, og det er nok dette som for dei fleste er det alle, aller største freistepunktet. Folk likar å lage ting (berre sjå på populariteten til Minecraft), og Trackmania 2 Canyon let dei gjere akkurat det. Skru saman noko spinnvilt, del det med folk på nettet, og fres litt gummi.

Les meir om Trackmania 2 Canyon

Gears of War 3

Ute: 20. september

Den lenge etterlengta avslutninga på trilogien om Marcus, Dom og resten av Delta Squad er rett rundt hjørnet, og vi gler oss som små ungar i ei sandkasse full av motorsager. Som vi etter kvart har blitt vande med blir det heile enda meir brutalt enn før, og du kan nok forvente deg ein solid blodsprut. Om det vil overgå markeventyret i Gears 2 gjenstår å sjå, men akkurat i dette høvet tør vi å håpe på for mykje.

Om blod ikkje er di greie kan det kanskje freiste med eit lite hippie-eventyr i den oppgraderte Horde-modusen. No kan du plassere ut forsvarsverk, erstatte blod med blomar, og skru på eit skikkeleg 80-tals latterspor som reagerer på alle dine valdshandlingar.

Les meir om Gears of War 3

Ekte kjærleik.
Ekte kjærleik.

FIFA 12

Ute: 29. september

Spelet som kan få proffspelarar til å gløyme å gå på trening er tilbake. Fotball er ein av verdas største sportar, både på og utanfor skjermen. At det er store forventningar til kvar nye utgåve av den ekstremt populære FIFA-serien er ikkje utan grunn. Samtidig EA gjennom ei årrekke demonstrert at dei verkeleg tek sporten og spelarane seriøst. Med små nyvinningar og konstant terping på kontrollane for å gjere det heile betre, har du verkeleg hatt ein grunn til å kome tilbake kvart år.

I år lovar EA store forbetringar over heile linja. Det blir betre dribling og betre forsvar, så det er berre å gjere seg klar for lange kveldar med sveitte kroppar og sleipe ballar.

Les meir om FIFA 12

Nytt og gammalt

Dette er strengt tatt berre ein ørliten smakebit av alt som kjem i september. Skulle du lengte etter litt god, gammal og særs tradisjonsrik taktikk frå Japan, kan nok Disgaea 4 vere aktuelt. Om det derimot er realistisk krigføring som står på ynskjelista bør du ta ein nærare kik på Red Orchestra 2.

For actionentusiastane er det strengt tatt svært mykje å bite tenna i denne månaden. Driver-serien er tilbake med Driver: San Fransisco, Call of Juarez har fjerna sitt beste element ved å droppe western-settinga, og Bodycount satsar på å ta opp kampen mot tungvektarane ved å fyre av enda fleire kuler enn konkurransen.

Skulle du vere i det nostalgiske humøret er september årets viktigaste månad. Først kjem ein HD-versjon til PlayStation 3 av God of War-spela til PSP, men dette er berre oppvarminga før den ekstremt lenge etterlengta ICO & Shadow of the Colossus HD Classics-pakka endeleg er å finne i butikkane. Desse to spela står som bautaer over kva magi ein kunne presse ut av PlayStation 2, og eg er garantert ikkje den einaste som kjenner ein lett klump i halsen over tanken på å gripe handa til den bleike jenta Yorda igjen.

September har derimot meir å by på enn nye og gamle spel. Ein ny månad og ei ny messe står for tur. Tidvis kan ein nesten byrje å lure på om det er slik framtida vil bli. Når skal eigentleg utviklarane få tid til å lage desse spela sine om dei skal farte rundt med dei heile tida? Ikkje veit eg, men 15. september er det i alle fall klart for årets Tokyo Game Show. Vi reiser diverre ikkje i år sidan vi svidde av heile budsjettet på E3 og Gamescom, men vi kjem likevel til å kome med fyldig dekninga av dei viktigaste nyhenda frå den japanske messa.

Les også: Desse spela gler vi oss til
Les også: Her er våre favoritter fra Gamescom 2011

Kommentarer (2)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen