Skolelinux 1.0

Mange av problema som har hindra bruk i den norske skulen, har vore ting som manglande språkstøtte i populære verktøy som OpenOffice.org. Dette problemet vart løyst ved at fylkeskommunane Akershus, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag samarbeida med OpenOffice.org om stavekontroll på bokmål og nynorsk. OpenOffice.org er med som den foretrukne kontorpakken i SkoleLinux.

Distribusjonen er basert på Debian, noko som gjer at ein slepp å sette saman alt frå botnen av. Vidare baserer den seg på KDE som hovudgrensesnitt. KDE er godt gjennomtesta og kjem med mange verktøy som ein kan ha nytte av i eit skulemiljø. Ved hjelp av Samba kan Skolelinux integrerast med det eksisterande Windows-nettverket som finns på dei fleste skular i dag.

Skolelinux kan installerast med mange ulike profilar, der arbeidsstasjon og tynnklient er dei vanlegaste. Tynnklientsystemet er basert på LTSP, som gjer det lettare å bruke ein eldre maskinpark lengre.

Heile Skolelinux-systemet vert administrert av ein tilpassa versjon av det webbaserte kontrollverktøyet Webmin. Her kan du enkelt legge til og fjerne brukarar, administrere skrivarar og klientmaskiner, og kontrollere tjenarane i nettverket.

Skolelinux er gratis å hente ned, og du får tak i siste versjon på skolelinux.no.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen