Guide

Skift IP-addresse hurtig

Den vanlege måten å skifte IP-addresse på er å gjøre det fra Nettverkstilkoblinger i Kontrollpanelet, men denne metoden tar ofte tid å gjennomføre. Dette er spesielt irriterende når du må skifte mellom statisk og dynamisk IP for å sjekke om ting virker. Vi presenterer her fleire ulike måter å gjere dette enklare på.

Me har laga eit lite program som tillet deg å hurtig endre IP-addresse utifrå forhåndslaga profilar. Du kan hente ned programmet her. Det er på berre 267kB, og bør difor ikkje vere noko problem for brukarar på treigare linjer å hente ned.

Når du køyrer programmet vil du få spørsmål om du ønskjer å installere det. Svarar du Ja, vil programmet køyre, svarar du Nei vil programmet lukke. Når programmet er installert, er det anbefalt at du trykker på Konfigurer, og opprettar ein snarvei på skrivebordet. Trykk OK.

Du kan no enkelt opprette såkalla profilar, som angjer forskjellige statisk IP-addresser å veksle mellom. Når du køyrer programmet på den vanlege måten, vil du få opp ei liste over profilar å velgje mellom. Du kan og lage ulike profilar for dei ulike nettverkstilkoblingane dine.

No skiftar du enkelt IP-addresse ved å velgje ein profil frå lista, og å trykke OK. Windows brukar ofte litt tid på å skifte IP-addresse, men det tar på det meste 5 sekund. Ved å opprette snarveiar til programmet frå Konfigurasjons-vindauget, kan du velgje å lage ein snarvei som skiftar berre mellom din standard profil og dynamisk IP.

Programmet er skrive i Delphi, og me kjem etterkvart tilbake med programmeringsdelen bak dette prosjektet. På neste side vil du finne ut korleis du kan gjere tilsvarande ved hjelp av shellskripts.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen