Rike menn gjer vekk pengar

Bill Gates, som lenge har trona som verdas rikaste mann, men vart nyleg slått av trona av den svenske Ikea-eigaren, Ingvar Kamprad, grunna låg dollarkurs. Microsoft annonserte i dag nemleg at dei kjem til å betale eit utbytte på 3 dollar pr. aksje. Gates har sjølv over 1,1 milliardar aksjar i selskapet, og han kunne hatt stirra på ei endå betre fylt lommebok.

Gates har derimot bestemt seg for å donere alle pengane til Bill & Melinda Gates Foundation, ein organisasjon som arbeidar for betre verdshelse, og for å gje alle i heile verda tilgang til datateknologi gjennom offentlege bibliotek. For sjølv om Gates gjer vekk 3,5 milliardar dollar, eller over 24 milliardar norske kroner, har han meir enn nok pengar.

Microsoft kjem og til å auke det årlege utbyttet til 32 cent pr. aksje, 2,20 kroner, totalt 14 milliardar dollar i året. Om eingangsutbetalinga kjem til å skje, er det no opp til aksjonærane å avgjere.

Oracle har på si side slått til med å gje vekk programvare verdt nesten 1 milliard kroner til eit universitet vest i Kina. Med denne donasjonen ønskjer Oracle å løfte regionen økonomisk, men dei seier ingenting om kva slags programvare dei gjer vekk. Oracle kjem og til å betale for stipend, lønn og utdanningsmateriale for universitetet.

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen