Anmeldelse Ratchet & Clank: Q-Force (PS3)

Klar for å mose rombeista?

Det velkjende radarparet prøvar seg på litt tårnforsvar.

[Gamer.no]: Når vi reiser på eventyr med Ratchet & Clank er det som regel i form av eit forseggjort eventyr der vi flyr frå planet til planet for å skyte alskens beist med feite våpen og ei solid dose humor attåt. Q-Force er i så måte eit anna beist. Vi får som vanleg eit solid våpenarsenal av kjende og rimeleg kjære dødsfabrikkar, men noko eventyr er det ikkje.

Du kan aldri få for mange kanonar.
Du kan aldri få for mange kanonar.

Det betyr likevel ikkje at spelet er utan historie. Nei du, her får vi ei dramatisk og nesten sorgtung forteljing om korleis ein liten stakkar kan gå frå å vere kaptein Quarks største fan, til å ville sjå han død. Stor forteljarkunst er det ikkje, men vi får i det minste ein grunn til kvifor vi etter kvart må reise frå den eine planeten til den andre. Så alt for dystert blir det ikkje, og det kan det no heller ikkje bli når Herr Trololo er på lydsporet.

Bølgjeskvulp

I staden for å utforske diverse område i kjend stil blir vi kasta ut i det som best kan kallast ulike arenaer. Her får vi som i dei fleste tårnforsvarspel ein base som må haldast trygg. Inne i basen finn vi kraftkjerner som må forsvarast for ein kvar pris, og det er sjølvsagt desse fiendane vil ha. Utanfor denne basen finn vi store område fulle av utfordringar før vi omsider når eit mål der noko stort sett skal øydeleggjast.

Quark skapar som vanleg meir trøbbel enn løysingar.
Quark skapar som vanleg meir trøbbel enn løysingar.

Den næraste samanlikninga til Ratchet & Clank: Q-Force blir eigentleg Orcs Must Die!-serien frå Robot og Iron Brigade frå Double Fine. Ein av dei viktigaste jobbane dine i Ratchet & Clank: Q-Force blir å byggje forsvar slik at fiendane ikkje berre kan valse inn i basen din. For å få råd til dette må du knuse kassar fulle av skruar og mutterar, og drepe fiendar som gjev si dose skruar. Etter kvart som du spelar og kjem deg vidare til nye planetar får du gradvis tilgang på nye kanonar, og grunnregelen er som regel at kvart nye våpen er både dyrare og betre enn det førre.

Dette er eigentleg spelet sin største og første feil. Dei beste tårnforsvar-spela gjer det ikkje veldig tydeleg at nokon våpen er best. Dei byr på varierte våpen med individuelle funksjonar som må setjast saman i forhold til kva fiendar vi har å bryne oss på. Q-Force leikar seg litt med tanken, men det stoggar eigentleg der, og vi får ikkje ein gong oppgradere dei få våpna vi har tilgang på. Vi får ein flammekastar og ein kanon som frys fiendar til is, men kva skal ein eigentleg med slikt når ein heller kan punge ut litt meir for ein rakettkastar som skyt ting langt, langt borte?

Veit ikkje kva det vil

Stiller før stormen, eller noko slikt.
Stille før stormen, eller noko slikt.

Ratchet & Clank: Q-Force er eit spel delt på midten som ikkje heilt veit kva det vil. Det blir presentert som ei ny historie i Ratchet & Clank-universet, sjølv om det kjapt blir tydeleg at dette ikkje er ditt ordinære eventyr med radarparet. Kampanjen er heilt grei, men ikkje stort meir enn det. Vi får ei akseptabel dose tårnforsvar som aldri når dei heilt store høgdene, og heilt tydeleg har svært tydeleg forbetringspotensiale.

Om du kastar deg på nett og spelar mot andre blir dette eit heilt anna beist. Fleirspelarmodusen i Ratchet & Clank: Q-Force er kreativ og frisk, og byr på ein herleg intensitet det er umogleg å seie nei til. Her får du testa både reaksjonsevne og strategisk kløkt, og om du har ein solid medspelar med på laget er alt duka for ei solid hyggestund som kanskje gjer deg litt sveitt.

Vi endar i praksis opp med to ganske ulike spel der det eine er veldig bra, og det andre er berre heilt OK. Om du vil konkurrere mot andre er Ratchet & Clank: Q-Force knall, men om alt du vil ha er litt tårnforsvar finnest det langt betre alternativ.

Dom Playstation 3: 7/10 GODT

Les også: Disse PC-spillene er perfekte julegaver

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen