Programmér for Google i sommar

Googles initiativ prøver å få fleire universitetsstudentar til å engasjere seg i prosjekter baserte på open kjeldekode. Som belønning vil deltakarane få utbetalt $4 500 når sommaren er over, nærare 29 000 kroner etter dagens kurs.

Du må søke dersom du ønskjer å delta, og søknadsfrista er 14. juni, men Google har kontinuerleg opptak, så du kan begynne kodinga tidligare. Google samarbeidar med mange kjende organisasjonar, blant anna Apache Software Foundation, Ubuntu Linux, Mono-prosjektet og Gnome Foundation.

Du må sjølv ha ein innovativ idè for å få delta, men idèen må gjerne bygge vidare på eksisterande funksjonalitet. Prosjektet skal vere ferdig innan 1. september, og 1. oktober får dei deltakarane som har lykkast med målet sitt utbetalt pengane. Det er plass til 200 deltakarar i programmet, og når du er ferdig vil du få utdelt ei t-skjorte.

Om du har lyst til å søkje, finn du instruksjonar på Googles nettsider.

Kjelde: Google

Kommentarer (6)

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen