PHP når versjon 5.0

PHP versjon 5 har vore forventa i fleire år no, og vart altså offisielt ferdig tidlegare i dag. Ein av dei mest etterlengta eigenskapane har vore skikkelig objekt-orientering, som støttar private og publiserte variablar og metodar, å kunne referere til det same objektet frå fleire variablar og abstrakte klassar og grensesnitt.

Dei fleste av forbetringane kjem frå Zend Engine II, som er motoren bak PHP. Vidare er det støtte for å angje kva type parametre ein metode forventar, og programmet vil stoppe dersom feil type parameter blir sendt inn.

PHP4 har ein objektmodell som gjer at kvar gong du lagrar eit objekt i to variablar, vil det plutselig vere to forskjellige objekt. Dette skjer fordi PHP4 berre kopierer objektet over i ein ny variabel, medan PHP5 berre kopierer ein referanse til eit allereie eksisterande objekt. Svært få utviklarar var klar over at PHP4 virkar slik, og det vil difor stort sett ikkje vere noko problem å oppgradere.

Støtte for unntakshandtering er og lagt til i PHP5, slik at det vert enklare å fange opp køyretidsfeil. SimpleXML-tillegget hjelper deg å behandle XML-filer som PHP-objekt. Støtte for SOAP gjer det enkelt å nytte seg av svært mange ulike webtenestar som støtter denne teknologien.

Dette er berre nokre få av tinga som har vorte endra i PHP5. For entusiastar anbefaler me at du henter det ned og prøver det sjølv, sidan PHP med versjon 5 har vorte eit mykje kraftigare programmeringsspråk. Du kan som alltid finne PHP-relatert stoff på PHP.net.

NB! Samstundes med lanseringa av PHP5, kom det ei sikkerhetsoppdatering til PHP4, nemlig 4.3.8. I denne oppdateringa er mange sikkerhetsproblem fiksa, og det er sterkt anbefalt å hente denne ned.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen