Test

PHP Cookbook

Av Adam Trachtenberg og David Sklar.
Publisert av O'Reilly & Associates.
608 sider, 21 kapittel.

Takk til O'Reilly for utlån av boka.


BokaDu kan faktisk slå opp alle spørsmåla du får svar på i denne boka; O'Reilly har ei liste over kva oppskrifter som dei valgte å inkludere. Og når du studerer denne lista så er det nok minst eit punkt som du ikkje visste om eller har tenkt over at var mogleg i PHP.

Dette er difor heller ikkje den første boka du kjøper når du skal lære deg PHP. Boka forklarer ingenting om syntaks og oppbygning av PHP, og den er difor heilt uegna til å vere ei nybyrjarbok i PHP, noko som det ikkje er opplyst direkte om på bokas websider. Det står derimot i forordet til boka. Det er difor verdt å legge merke til at ein bør difor ha litt erfaring frå PHP før ein går til innkjøp av PHP Cookbook.

Kvar oppskrift består av eit spørsmål eller ei problemstilling som du ønskjer å få svar på, ei løysing, ein diskusjonsdel og ein "sjå òg"-del; ikkje veldig ulikt måten du fører fysikk-/kjemi-/biologi-/naturfag-rapportar på. Og sjølv om oppskriftene i boka ikkje er 100% det same som du skal gjere, tar diskusjonsdelen og drøftar alternative måtar og liknande tilfeller. Dette gjer at du omtrent alltid kan dra nytte av ei oppskrift, sjølv om den er litt annleis enn ditt tilfelle. I "sjå òg"-delen er det referansar til andre av oppskriftene i boka, og til websider.

Omtrent ingen av kodesnuttane i boka er berekna på å nyttast direkte på ei webside, men heller som å danne grunnlaget for noko du kan bruke i dine websider; no tenker eg på formattering og liknande. Alle oppskriftene er meint at du skal kunne omforme slik at det passar di side perfekt, og er ikkje meint å setjast inn nøyaktig slik som dei er skrivne i boka.

Ein skulle tru at når ein skriv ei bok på over 600 sider med oppskrifter, ville det komme ting innimellom som var unødvendige. Tydeligvis ikkje; alle oppskriftene har ein viss type relevans til noko du mest sannsynlig kjem til å gjere i PHP ein eller anna gong.

Derimot syns eg det er svært lite dekning av databasar i boka, og i og med at PHP er kjend for den gode interaksjonen med databasar, syns eg dette er tynt. Berre 1 (eit) av 21 (tjueein) kapittel er via til databasar, og eg må sei at eg er svært skuffa over mengden på dette. Kvaliteten på innholdet i dette kapitlet er derimot bra, sjølv om det antar at du har drive med databasar tidlegare.

Men, for å vege opp for dette; visste du at det var mogleg å lage vindusbaserte program i PHP? Det er eit heilt kapittel via til dette i boka; og forklaringane her er svært gode. Sjølv om kapittelet har eit litt misvisande namn, er det eit svært nyttig kapittel som forklarar bruken av PHP-GTK-tillegget. Dette kapitlet omhandlar òg bruk av PHP frå kommandolinja.

Denne boka er meint som ein referansemanual over korleis ein gjer ting i PHP, og ikkje som ei lærebok; det går klart fram båe av forordet og måten boka er skriven på. Som vanleg i bøker frå O'Reilly, samnar eg syntaks-opplysning av kode, noko som stort sett ikkje er eit problem i denne boka grunna svært korte kodesekvensar. Det hadde likevel vore noko å ta med seg til bøker som vert gjeve ut seinare.

Konklusjon

AnbefalesOm du er ein nybyrjar når det gjeld PHP, er dette den andre boka du bør få tak i. Om du vil komme igang med PHP-skript som kan ha nokon nytteverdi for omverdenen, vil du nesten garantert finne noko i denne boka som du kan benytte i dine skript. Dersom du treng hjelp til XML, GD-biblioteket, nettverksbaserte operasjonar, bruke PHP som eit klientside språk eller liknande; så er dette definitivt boka for deg.

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen