PHP 5 beta 1 er ute

Vidare fortel PHP.net om at versjon 5 har stønad for private og beskytta klassevariablar og klassemetodar, noko som gjer at språket får ein meir objektorientert framtoning. Stønad for abstrakte klassar (klassar der berre strukturen er definert, og ikkje funksjonane) er og med i Zend 2. Såkalla grensesnitt ("interfaces") finns òg.

Vidare er det interessant å sjå at du kan lage klonar av alle objekt, noko som ikkje var støtta direkte i tidlegare versjonar. Konstruksjons- og dekonstruksjonsmetodar har og no fått ei standard namngjeving, i staden for å måtte ha namnet åt klassen dei er med i. Konstantar kan no og vere lokale, dvs. definerte inne i ein klasse.

Det er og snakk om stønad for oppfanging og utsending av feilunntak ("exceptions"). Det finns ei lang liste over forbetringane i Zend versjon 2PHP.net.

Utanom stønad for Zend versjon 2, har dei valgt å inkludere SQLite. Stønaden for XML er og heilt omskriven, men det overraskar oss at MySQL-biblioteka ikkje vert lagt inn ved installasjon. Vidare virkar det som om det er store forbetringar på streams-funksjonaliteten, samt at dei har gjort enkelte endringar i GD-biblioteket, som tek seg av biletbehandling.

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen