PHP 5.0.0 beta 2

Nokre av dei største endringane i språket, ligg i den nye Zend Engine 2. Versjon 2 av denne motoren har ein heilt nytt objekt-system, som gjer at PHP som språk vert mykje meir objekt-orientert. I tidlegare versjonar har objekt i PHP vorte behandla som andre primitive variablar; slik som heiltal og strengar.

PHP 5 får og støtte for private og beskytta klassemedlemmer. Utviklarane forsikrar om at eldre kode som ikkje har slike deklarasjonar skal køyre utan forandring. Støtte for abstrakte klassar og metodar kjem og inn som ein ny eigenskap i PHP 5. Abstrakte metodar deklarerer bare kva metodar funksjonen skal inneholde, men implementerer dei ikkje. Dei fleste objekt-orienterte språk (som t.d. Delphi, C++, C#, Java) har allereie denne funksjonen. Grensesnitt (interfaces og endelige metodar er og å finne i den nye utgåva.

Det er mange andre spennande eigenskapar i versjon 2 av Zend Engine, og du kan lese om dei sjølv på PHP.net. Utanom at me finn Zend Engine 2 i PHP 5, har dei valt å bytte ut XML-støtten, til no å bruke libxml2-biblioteket. Vidare har dei inkludert SQLite, ein liten databaseserver med støtte for mesteparten av SQL92.

SimpleXML-utvidelsen som no kjem med PHP er og relativt spennande. Å parse XML-dokument har med tidlegare versjonar av PHP vore svært tungtvint; SimpleXML gjer at du nok kan gjere dette ved å manipulere objekt. Vidare hevdar PHP.net at biblioteket for streaming har vorte svært sterkt forbetra.

Du kan hente ned PHP 5 beta 2 frå PHP.net. Ver oppmerksom på at beta 2 ikkje er meint til bruk på produksjonsmaskiner.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen