Opera 8 på norsk

På berre 5 veker har Opera 8 blitt lasta ned heile 4 millionar gonger, ifølge bloggen Opera Watch. Sjølv om talet er langt frå så høgt som Mozilla Firefox, som nylig har passert 60 millionar, har den norske nettlesaren ein aukande brukarmasse.

Og rett før helga kom Opera 8 i norske utgåver. Båe nynorsk- og bokmåls-versjonar er tilgjengelege. Lenker finner du nederst i artikkelen.

Den norske nettlesaren nyter godt av den grasrotsrørsla som finns rundt Mozilla Firefox. Fleire og fleire personar vert gjort oppmerksom på kor mykje sikrare det kan vere å skifte nettlesar. At Opera-gründer Jon S. von Tetzchner lovde å svømme over Atlanteren dersom Opera vart lasta ned 1 million gongar den første helga, hjalp òg mykje på nedlastingane. Tetzchner kom ikkje langt før følgjebåten, ein gummibåt rodd av kollega Eskil Sivertsen, fekk problemar og sank. Bilete frå turen er tilgjengelege på Operas nettsider.

Kjelde: Opera Watch

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen