Ny orm ser deg via webkamera

Ormen er enno ikkje spesielt godt spreidd på nettet, men kor fort slike ormar sprer seg er ofte vanskeleg å forutsjå. Det er kun Windows-maskiner som er sårbare, og den sprer seg via gjennom nettverksdelingar, og ved å utnytte feil i WebDav, DCOM og UPNP, MS-SQL-serverar med svake passord og åpne bakdører frå ormar som MyDoom.

Ormen kan som nemnt ta kontroll over webkameraet og mikrofonen din, slik at du kan verte overvaka når du minst ventar det. Om ditt webkamera har eit lys som indikerer når det filmar kan det vere ein god idè å følgje med på om dette slår seg på av seg sjølv.

Utanom å kontrollere webkameraet ditt, vil det bli installert ei bakdør, passord kan verte stjåle, det kan bli tatt skjermskudd, og ein angripar kan slå av datamaskina di. Seriekodar til spel du har kjøpt er og lett tilgjengelege for ein angripar.

Det er anbefalt at du oppdaterer anti-virusprogrammet ditt så ofte som mogleg for å unngå å bli infisert av nye virus.

Kjelde: Sophos.com

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen