Test

MySQL Administrator

Mange har trudd at MySQL Administrator er ein direkte konkurrent til produkt som phpMyAdmin og Navicat, men det er det altså ikkje. MySQL Admin tar seg berre av server-administrering av MySQL-serverane dine, og tilbyr altså ikkje måtar å endre på tabellar og å sende spørringar til databasen.

Status-vindauget

Programmet finns for båe Windows og Linux, og er difor eit svært naturleg komplement til eit vanleg MySQL-oppsett. Blant eigenskapane finn me følgjande;

  • Server-informasjon

  • Brukeradministrasjon

  • Oppkoblingar

  • Helse

  • Loggar

  • Lag/restaurer fra backup

  • Replikasjonsstatus

  • Katalogar

Server-informasjon

Denne sida viser enkelt og greit kva versjonsnummer serveren køyrer, IP-addresse og hostname, samt informasjon om kva klient du nyttar. Her kan ein ikkje gjere nokon endringar.

Brukeradministrasjon

Brukeradministrasjon

Her kan ein endre på brukarar og drive med tilgangskontroll. Dette er eit svært nyttig verktøy, og det er mykje meir oversiktlig enn t.d. det ein finn i phpMyAdmin. Ein kan stille inn brukarens globale tilgang, databasetilgang eller faktisk heilt ned på tabellnivå.

Ein kan og endre på brukarinformasjon, og t.d. tildele brukaren eit ikon, slik at det vert lett å sjå brukaren seinare.

Skremmande var det dog at ein er nødt til å skrive inn passordet til brukaren, sjølv som ein berre ønskjer å endre beskrivelsen. Dette gjordeat brukarane på min databaseserver plutselig stod utan passord. Dette blir forhåpentligvis retta i seinare versjonar.

Oppkoplingar

Oppkoplingar viser deg rett og slett kva brukarar som er kopla til databasen på gjeldande tidspunkt, og kva database dei arbeidar med. Du kan og drepe brukarar herfra, som gjer at det er enkelt å fjerne døde oppkoplin

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen