Mozilla Firefox i ny versjon

Mozilla Firefox er fri nettlesar, basert på prinsippet om open kjeldekode og webstandardar. Den finns for fleire operativsystem, inkludert Windows, Linux og MacOS, og er kjent for å vere mykje raskare enn Mozilla sjølv. Foreløpig er Firefox ein såkalla teknologi-sniktitt, men den er meir enn stabil nok til å verte brukt som din hovudnettlesar.

Blant dei nye eigenskapane til Firefox, finn me muligheten til å automatisk importere innstillingar frå dei mest vanlege nettlesarane, mellom anna frå Internet Explorer og Opera. Me trengte berre å velgje kvar Firefox skulle hente innstillingane frå, og dei var på plass i løpet av få sekund.

På Windows har Firefox fått eit nytt tema som er svært likt Windows sin vanlege utsjånad. Dette gjer at nettlesaren ser litt kjedelegare ut enn vanleg, men det er ingen problem å skifte over til eit nytt tema, som du enkelt kan hente ned frå nettet.

Innpluggsmotoren har og fått ei lita ansiktsløfting. Du kan no t.d. trykke på Update-knappen i Extensions-vindauget, og Firefox sjekkar for nyare versjonar. Du kan velgje å avinstallere verktøyet, eller å endre innstillingane for det. Det er og ei lenke til å hente ned nye verktøy, og å t.d. installere eit verktøy for webutvikling tok under 30 sekund.

Det faktum at Windows-versjonen av Firefox no er berre 4.6MB å laste ned, er og med på å gjere nettlesaren meir attraktiv for den gjennomsnittlege brukar. For øyeblikket er nok Firefox større enn Opera sine 3.4MB.

Du kan laste ned og lese meir om Firefox 0.9 hos Mozilla.org.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen