Mozilla 1.7 kom i natt

Mozilla finns for både Windows, Linux og Mac, og er difor ein av dei mest plattform-uavhengige nettlesarane. Blant forbetringane finn me sjølvsagt ein liten haug med feilrettingar, samt nokre hastighetsforbetringar og litt mindre filstorleik. Programmet skal no vere raskare under oppstart, samt litt lettare på minnebruk når det køyrer, og dette merkar me. Mozilla virkar rett og slett som eit mykje lettare program enn det har gjort tidlegare.

Mozilla har svært mange kjekke eigenskapar, t.d. har det no fått innebygd popup-blokkering og FTP-filopplasting. Det kjem og med verktøyet TalkBack, som rapporterer når nettlesaren krasjar tilbake til Mozilla Foundation, slik at dei kan finne eventuelle feil i kjeldekoden. Det er anbefalt at du bruker dette verktøyet dersom Mozilla mot formodning skulle krasje.

Enkelte feil med korleis CSS vart vist er fiksa, og ny støtte for CSS3 sin opacity-eigenskap er no tilgjengelig i Mozilla. Ei nettside kan no heller ikkje fjerne høgre-klikksmenyane frå nettstaden ved hjelp av JavaScript, noko som enkelte har opplevd som svært irriterande.

Nettlesaren Mozilla vaks ut frå Netscape i 1998, og er utvikla etter open kjeldekode-modellen. The Mozilla Foundation, som utviklar mellom anna Mozilla og Firefox, er i dag støtta av t.d. AOL, som no eig Netscape. Dagens versjonar av Netscape er nemlig basert på Mozilla sin HTML-motor.

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen