Microsoft planlegg anti-virus

Det var Microsofts sjef for tryggleiksprodukt, Mike Nash, som fortalte Reuters at selskapet har byrja på utviklinga av eit antivirusprodukt. Det er framleis ukjent når dette produktet kjem til å vere klart, og det er framleis på planleggingsstadiet. Mange spekulerer i at det kjem til å basere seg på antivirusteknologien Microsoft fekk når dei kjøpte selskapet GeCAD i fjor. Microsoft har allereie utnytta ressursar dei fekk frå GeCAD då dei lagde verktøy for å fjerne MSBlast og Sasser. Nash uttalte samstundes at produktet kjem til å verte solgt som eit separat produkt, og at det ikkje kjem til å verte solgt med operativsystemet Windows.

Microsoft har tidligere skvist konkurrenter ut av markedet ved å integrere sine produkter direkte i operativsystemet, slik at den gjennomsnittlege brukar ikkje ser poenget ved å bytte. Ved å utnytte sin tilnærma monopolsituasjon på operativsystem for desktopmaskiner, har selskapet vellykka pressa ut konkurrentar som t.d. Netscape og WinAMP.

Ein av dei store leverandørane på antivirusløysingar, Symantec, skreiv i ei pressemelding i går at dei er glad for å høyre at Microsoft planlegg å konkurrere på ærleg vis med eit separat produkt.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen