Microsoft vil gjøre deg til TV-slave

I framtiden kan du få «achivements» for å se på TV-programmer.

Med Xbox One vil Microsoft ta over stova di. Det handlar ikkje lenger berre om spel som underhaldning, men all underhaldning du kosar deg med. Microsoft vil gjere Xbox One til midtpunktet om du så spelar spel, ser på film eller TV, eller høyrer på musikk.

Det kan sjå ut til at Microsoft er villige til å finne på mykje rart for å få dette til å skje. GameIndustry.biz har snubla over ein patentsøknad frå Microsoft der det blir tydeleg at Microsoft leikar med moglegheita for å gi deg prestasjonspoeng ved å sjå på TV.

Ikkje berre for spel

Tradisjonelt har prestasjonspoeng vore ei løn for å ha kome til eit visst punkt i eit spel, eller for å ha fått til noko spesielt. I framtida kan slike poeng i følgje dette patentet delast ut ved at du til dømes ser gjennom ein heil TV-serie.

I patentsøknaden kan ein lese at «TV-sjåing er gjerne ei passiv oppleving for sjåaren, utan mange moglegheiter for å aktivt delta sjølv. For å auke interaktiv sjåing og oppfordre sjåaren til å sjå ein eller fleire spesifikke former for innhald, kan prestasjonar og belønningar bli knyta til slikt innhald.»

Vidare fortel patentsøknaden om at sjåaren kan halde fram gjenstandar som Kinect-sensoren skannar som ein annan måte å få prestasjonar på. Sjåaren kan få løn for «strevet» i form av meir enn berre prestasjonspoeng. Microsoft ser føre seg at du kan få klede til avataren din, virtuelle pengar for eit spel, eller til og med fysiske premiar.

I alle høve høyrest dette ut som reklamebransjens våte draum.

Fikk du med deg lanseringen?
Dette er alt du trenger å vite om Xbox One »

Norges beste mobilabonnement

Mai 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Chili Large 10 GB


Jeg er superbruker:

Chili X-Large 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen