Microsoft-lekkasjen

Kildekoden som er lekt inneheld viktige delar av kjerna til operativsystema Windows 2000 og Windows NT4 for Alpha, x86 og IA64-plattformane. Me har studert fillistene som har sirkulert rundt på nettet i dag.

Ifølge dei som har sett kildekoden, kjem filene frå ein versjon som Mainsoft hadde i sin besittelse. At det er fullt av .eml-filer som er på 0 bytes, gjer det trulig at Nimda-viruset har ein del av skulda for lekkasjen. Eit antivirus-program har nulla ut alle EML-filer, men bakdøra på den infiserte maskina har framleis stått open, og difor har den vore open for angrep. EML er formatet Outlook Express brukar for å lagre e-postar, og er og ein viktig del i korleis Nimda-viruset spreidde seg.

Blant dei lekte filene finn me kildekoden til MSHTML, som driv Internet Explorer, Microsoft sin XML-parser, koden for nettverksprotokollar (SNMP, sockets), sjølve kjerna, OLE-automasjon, RPC, kontrollpanelet, systemområdet, skjermbeskyttarane, GINA, media player, installasjonsprogrammet, Paint, Notepad, Wordpad, Kabal, Minesveiper, og noko som ser ut til å vere ein debugger for 64-bitsmaskiner.

Me minnar om at deling av kopibeskytta materiale vil føre til umiddelbar utestenging frå forumet vårt.

Kommentarer (7)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen