Test

Mastering Delphi 7

Takk til Sybex for utlån av boka.

Første utgåve, ISBN: 0-7821-4201-X
1040 sider, 4 delar, 25 kapittel, 3 tillegg
Skriven av Marco Cantù, publisert av Sybex Inc.

Samanlikninga med Bibelen går ikkje berre på kva som står i boka, men òg på storleiken. Ein kan best beskrive boka som ein koloss på over 1000 sider, definitivt ei bok du har lyst til å lese på senga, men som du vil ha store problem med å halde stødig.

Innhaldet i boka er vidt og 15 av dei 25 kapitla har vorte omskrivne for denne utgåva. Boka byrjar enkelt med å forklare brukargrensesnittet til Delphi, endringar frå Delphi 6, og deretter Delphi som språk. Sjølv om Delphi har svært gode hjelpefiler, er det mykje som ikkje vert forklart i desse, og som vert teke opp i denne boka.

Boka dekker som sagt ein heil del ulike emner, kjøretidsbiblioteket, VCL- og CLX-biblioteka, visuelle kontrollar, brukergrensesnitt, formar, arkitektur, skriving av komponentar, dynamiske bibliotek og pakkar, modellering, COM/COM+, databasar, dbExpress, ADO, DataSnap, skriving av databasekomponentar og Rave. Og det er ikkje alt; bruk av Indy, webprogrammering med WebBroker, WebSnap og IntraWeb, bruk av XML, webtenestar og SOAP, samt .NET-arkitektur i Delphi vert òg dekka av boka.

Tillegga i boka dekker emner som anbefalte verktøy og bøker for Delphi. JEDI-prosjektet er omtalt, det samme er Delphree, GExperts og DUnit. Det er og eit tips angåande gratisbøker frå forfattaren, du finn dei på heimesida hans.

Boka er derimot ikkje meint som ein nybyrjars introduksjon til programmering, men heller som ein form for referansemanual. Du kan fint lære deg Delphi frå denne boka om du kan programmere frå før. Og sjølv om boka på mange måtar er å oppfatte som nettopp ein referansemanual, så får du svært lyst til å lese heile boka når du først er komen litt i gang.

Boka skortar ikkje på teknisk informasjon, allereie i første kapittelet får du forklart korleis Delphi lagrar formar til disken, noko som ikkje er dokumentert i hjelpefilene. Det går frå heilt grunnleggande ting, t.d. mogleikar i grensesnittet som mange ikkje veit om, fram til meir avanserte måtar å komme seg rundt kjente problemstillingar på.

Boka er stappa full med dømer, og du kan hente ned alle dømene frå forfattaren si heimeside. Kor mange dømer det er, er vanskelig å gitte, og eg orkar ikkje å telle, men det er som oftast mellom 8 og 10 dømeapplikasjonar per kapittel. Gang det opp med 25 kapittel og du får ein heil haug med dømer! Koden som vert presentert i boka er fargekoda på same måte som i Delphi sitt grensesnitt, og det gjer koden svært lett å lese.

At denne boka er godt likt, er lett å sjå. Delphi Informant Magazine sine brukarar, som er ein av dei mest prominente sidene når det gjeld Delphi, kåra boka til å vere den beste boka om Delphi i 2003. Heile 44% av brukarane stemde på denne boka.

Konklusjon

Dette er definitivt ei bok eg kan anbefale til alle som er interesserte i å lære seg Delphi skikkelig. Boka er full av gode dømer, og inneheld grundige forklaringar på det meste som kan vere interessant å lære seg. Mastering Delphi-serien har lenge vore ein av dei mest ettertrakta bøkene om Delphi, og den nyaste utgåva i serien skuffar ikkje i så måte. Anbefalt!

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen