MandrakeLinux 10.0 ISOer tilgjengelig

 Versjon 10.0 av denne distribusjonen har vore tilgjengelig ei stund, men då som salgsvare i deira nettbutikk. No er heile distribusjonen klar for nedlasting. Det er 3 ISO-filer på totalt 2GB å hente ned. ISO-filer kan du brenne ut med stort sett alle moderne brenneprogram. MandrakeLinux kjem i 3 utgåver

  • Discovery (for nybyrjarar)
  • PowerPack (for avanserte brukarar)
  • PowerPack+ (for ekspertar)

Installasjonen er ein av dei enklaste me har vore borti når det kjem til Linux-installasjonar, og sjølv nybyrjarar bør klare seg fint igjennom installasjonen. Dersom du er usikker, kan det likevel vere lurt å ha ein datakyndig venn hjelpe deg igjennom denne, sidan ein ofte må gjere endringar i oppdelinga av harddisken din, ein prosess kjent som partisjonering.

Blant hovudeigenskapane til MandrakeLinux kan det nemnast følgjande;

  • Kernel 2.6
  • KDE 3.2
  • Støtte for fleire prosessorar
  • Støtte for USB2.0 HiSpeed USB
  • Støtte for IEEE1394 Firewire
  • Støtte for Serial ATA
  • Støtte for dei fleste nyare ATI- og NVidia-skjermkort
  • Innebygd brannmur
  • Støtte for AMD64

Om du ønsker å ta ein kikk på MandrakeLinux, så finn du instruksjonar om kvar du kan hente ISO-filene frå på MandrakeLinux.com.

Kommentarer (4)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen