"Lindows"-navnet solgt til Microsoft

Linspire kalla originalt sin Linux-distribusjon for Lindows, men dette vart veldig dårlig likt av Microsoft, som saksøkte firmaet. Etter mange lange rundar i rettsalane i ulike land, der Microsoft vann nokre sakar og Linspire vant nokre, skifta dei namn på selskapet og Linux-distribusjonen til Linspire. At Linspire no sel rettigheitane til merkevarenamnet Lindows er difor svært overraskande.

Ifølge pressemeldinga som Linspire og Microsoft sendte ut i dag, er selskapa no einige på alle punkt, og alle rettsakar har vorte avlyst. I pressemeldinga står det at innhaldet i avtalen er hemmeleg, medan det på børsen i USA er nemnt at Linspire får 20 millionar dollar for namnet, eller omlag 140 millonar kroner.

Linspire har allereie byrja å fase ut bruken av namnet Lindows, og vil i løpet av dei komande månadane slutte å bruke namnet heilt. Det er uklart om domenet Lindows.com vil verte overført til Microsoft.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen