Lettere utgåver av det meste frå Microsoft

Det mest overraskande er nok at SQL Server 2005 Express Edition allereie denne veka vil vere tilgjengelig for gratis nedlasting. Den endelege versjonen av SQL Server 2005, vil som me nemnte tidlegare i dag, komme i første halvdel av 2005, og Express-versjonen gjer oss difor ein sniktitt på dei viktigaste funksjonane.

Amazon.com, eBay og PayPal vil tilby verktøy for å kunne koble opp til og benytte deira tenestar frå Express-utgåvane av Visual J#, Visual C#, Visual C++ og Visual Basic.

Eit heilt nyannonsert produkt er Visual Web Developer 2005 Express Edition, som vil gje webutviklarar eit GUI tilsvarande Visual Studio, berekna berre på webutvikling. Systemet bygger sjølvsagt på ASP.NET, og er laga for studentar og entusiastar som ønsker å lage personlege heimesider og webloggar.

Dei første bøkene om Express-produkta er allereie annonsert. Mellom bøkene finn me Visual C# 2005 Express After Hours: Ten Projects You’ll Never Do at Work, ei bok som legg vekt på dei artige tinga du kan gjere med C#, frå Sams Publishing. Wiley Publishing har på si side annonsert fleire bøker, og ei eiga produktlinje for Express-utgåvene, men dei har enno ikkje vist fram ei einaste bok om emnet.

Express-utgåvene er i sein betatesting for øyeblikket, men i løpet av veka skal i alle fall SQL Server 2005 Express Edition vere tilgjengelig på denne sida.

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen