Guide

Lese ID3-taggen frå MP3-filer

ID3v1 og ID3v1.1

Det er viktig å merke seg at det er to ulike versjonar av ID3v1, nemlig ID3v1 og v1.1. I versjon 1.1 er det lagt til eit lite felt som gjev opp spornummeret til songen på den originale CDen.

ID3v1-taggar vert lagra i dei siste 128 bytes av ei MP3-fil. Dei er svært strukturerte, og har faste feltlengder; noko som gjer det svært enkelt å lese informasjon ut frå dei. Dei byrjar svært enkelt med ein identifikator på tre teikn ("TAG"), og fortsett med 3 felt à 30 byte, som inneheld henhaldsvis tittel, artist og album. Dei 4 neste bytene inneheld årstalet, og deretter følgjer eit kommentarfelt. Dette feltet er 30 byte langt i ID3v1, medan det er 28 byte i ID3v1.1. Dersom den 29. byten i kommentarfeltet er null (#0, chr(0)), og den 30. byten ikkje er det, har du versjon 1.1. Viss ikkje kan du anta at du har v1.0. Forskjellen er ikkje stor, og om ein implementerer v1.1 riktig, vil dette ikkje vere noko problem å takle. Den aller siste byten i tagen representerer sjangeren.

Korleis ein skal tolke kva sjanger denne byten representerer er litt uklart. Originalt følgjer ein Eric Kemp si liste, som inneheld 80 sjangrar, i seinare tid har det vore vanleg å følgje lista som ligg i WinAMP. Den vedlagte programmeringskoden følgjer Eric Kemp si originale liste.

Det er lettare å sjå strukturen på ID3-taggar i ein tabell;

  
ID3v1ID3v1.1
Lengd (byte)InnholdLengd (byte)Innhold
3Identifikator (er alltid 'TAG')3Identifikator (er alltid 'TAG')
30Tittel30Tittel
30Artist30Artist
30Album30Album
4Årstall4Årstall
30Kommentar28Kommentar
1Null (#0)
1Spornummer
1Sjanger1Sjanger

Alle felt som ikkje nyttar seg av heile lengda, skal høgre-fyllast med null (#0). Dette gjer at det er lett å sjå når eit felt er slutt. Nederst i artikkelen finn du ei lenke til ein komponenent som du kan nytta til å lese ut og skrive ID3-taggen til MP3-filer i Delphi.

ID3v2

Etterkvart som om folk oppdaga at det var fleire band som hadde artistnamn som var lengre enn 30 bokstavar, at titlane på songane ofte var meir enn 30 bokstavar, og folk var misfornøgd med at dei berre kunne spesifisere frå den forhåndsdefinerte lista med sjangrar, fann nokon ut at det var på tide med ei ny utgåve av ID3-taggen. Denne gongen tok dei takhøgde for det meste, og formatet er skalerbart. Dette gjer at det er mykje vanskelegare å lage ein skikkeleg implementasjon av det; for øyeblikket finns det berre ein implementasjon av ID3v2 i Delphi. Den finn du på ID3.org.

ID3v2-taggar er lagra fremst i MP3-fila, noko som gjer at det er ein del arbeid for PCen å oppdatere taggen, heile MP3-fila må nemlig skrivast på nytt til disken for kvar einaste endring som vert gjort i ID3v2-taggen. Å lese taggen er derimot mykje lettare, og er raskt unnagjort. Gamle MP3-program lagar av og til ein liten klikkelyd når den støter på ID3v2-taggar, men dette er generelt ikkje eit problem.

Å gå inn på detaljane rundt ID3v2-taggen er litt for omfattande i denne omgang, men dersom du er interessert i meir informasjon om denne, finn du det heilt sikkert på ID3.org.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen