Guide

Kunsten å skrive god kode

Det er viktig å merke seg at reglane for oversiktlig kode varierar frå programmeringsspråk til programmeringsspråk. Den vanlege måten å skrive kode på i Visual Basic, vil ikkje naudsynt gje oversiktlig kode om ein brukar samme måte og skriv kode i C++. Det er difor svært viktig at ein finn sine eigne standardar for korleis ein skal kode, og så følgjer desse til punkt og prikke.

Større selskap som Borland, Microsoft, Sun, osb. har interne reglar for korleis koden skal sjå ut om den skal brukast i deira produkt. Det er ofte lurt å venne seg til desse kodenormene allereie no, sidan dei fleste programmeringsnormer er baserte på normene til dei som vedlikeheld programmeringsspråket. Dette er spesielt viktig om du skal satse på å få komponentane dine inkludert med framtidige versjonar av verktøya.

Det er fleire store fordelar med å skrive oversiktlig kode, og eg nemner her tre av dei:

  • Koden blir lettare for andre å forstå, og du slepp å bli nedrent av kollegar som skal vete kva ein kodebit du har skrive for lenge sidan gjer.
  • Det blir lettare å samarbeide på programmeringskode.
  • Du vil bli respektert som ein dyktig programmerar. :)

I denne artikkelen kjem me til å bruke språka Delphi, Java og PHP i kodedøma. Me kjem til å nemne det som er felles for desse språka, men guiden er ikkje spesielt retta mot nokon av dei.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen