Test

Kirby's Epic Yarn (Wii) - Eit sukkersøtt plattformeventyr

Av: Øystein Furevik, Gamer.no

Kirby's Epic Yarn er ulikt noko anna eg kan hugse å ha prøvd. Med nål og tråd henta ut av sykorga til besta har utviklarane gått til verks for å sy saman eit heilt unikt spel der kvar ein bakgrunn er laga av stoff i forskjellige fargar og mønster, og alle figurar er vekte til live gjennom magisk ulltråd.

Les heile saka på Gamer.no

Sjarmbombe

Kirby var eigentleg i si eiga verd der alt var ved det gamle, men så dukka den forferdelege trådmannen Yin-Yarn opp. Med strikkepinnane sine lagar han mykje trøbbel, men det er ikkje før Kirby i sin umettelege appetitt svelger ei magisk snor, og blir sugd inn i Yin-Yarns magiske sokk at eventyret i sykorga byrjar.

Altså. Kva skal ein seie? Mest av alt lurer eg på kva folka bak dette spelet har røykt, men så lenge resultatet blir så flott som dette får det vere. Ved å velje denne unike grafiske stilen har utviklarane klart å bygge opp ei uvanleg verd som gjennom sin fargerike presentasjon likevel har noko veldig nostalgisk og kjært over seg. Den fine og behagelege jazz-inspirerte pianomusikken gjer òg sitt til at det er heilt umogleg å ikkje kose seg godt når ein spelar.

Har du sett noko så søtt før?
Har du sett noko så søtt før?

Kirby's Epic Yarn er i form og funksjon eit erketradisjonelt plattformspel av den gamle sorten. Det er ingenting nemneverdig nytt å spore, men det er likevel gjennomført til fingerspissane og serverer akkurat det vi vil ha. Gjennom fleire forskjellige fargerike område som alle er baserte rundt eitt eller anna tema, får vi verkeleg sjå kva kreative utviklarar kan gjere med litt sytråd. Vi får alt frå lystige skoglandskap til mørke grotter og fargerike dinosaurlandskap. Å kalle dette kreativt blir kanskje å ta litt hardt i sidan dei fleste plattformspel har ein tendens til å gå gjennom dei fleste klimasoner i løpet av fartstida si, men den visuelle stilen gjer det likevel til noko heilt spesielt.

Sånn går det når du et for mange tomatar.
Sånn går det når du et for mange tomatar.

God gammal plattform

Nintendo har noko ingen andre plattformhaldarar har. Dei har knakande gode plattformeventyr som er like appellerande for store og små. Kirby's Epic Yarn er enda eit spel i denne solide sigersrekkja med trivelege spel som byr på fargerike område og glimrande nivådesign. Konkurrentane har sine alternativ sjølvsagt, og kvaliteten er der så visst, men om det er plattform av den gode gamle sorten finn du ikkje betre plattformer å underhalde deg på enn dei Nintendo står for.

Kirby's Epic Yarn gjer ingenting for å endre denne trenden. Det er eit flott og polert spel som byr på herlege og trivelege nivå som held på å sprekke av sjarm. Dei mange måtane å bruke Kirby på sørgjer for ein endelaus variasjon, og du finn ikkje ei einaste keisam stund i spelet.

Spelet er riktig nok i kortaste laget, og det er ikkje så utfordrande som det gjerne kunne ha vore, men det set ingen stoppar for engasjementet. Kirby's Epic Yarn byr enkelt og greitt på glimrande og solid plattforming i uimotståeleg verd.

Les heile saka på Gamer.no

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen