Test

JCreator LE

Prosjektstyring

Programmet har eit relativt bra prosjektstyringssystem, så lenge det er snakk om berre ein brukar. Det er basert rundt arbeidsplassar, som igjen kan innehalde fleire prosjekt. Dette er ein svært god måte å organisere filene dine på; personleg nyttar eg det til å ha god kontroll på alle øvingane eg skal levere i programmering.

Du har heile tida oversikt over arbeidsplassen du held på med for augneblinken, med ein trestruktur av prosjekta som høyrer til denne arbeidsplassen. Her har du òg såkalla eksterne filer, filer som ikkje høyrer til noko prosjekt eller arbeidsplass. Ved å velgje ei fil i denne oversikta, vil du få opp ein oversikt over klassen (klassane) i ei eigen ramme. Her er det klart indikert kva som er publiserte, offentlige og private verdiar. Ved å dobbelklikke på desse i lista, vil du bli tatt til rett stad i koden.

Det som manglar av prosjektstyring, er støtte for Javadoc. Bortsett frå normal støtte for kommentarar, så finns det ingen indikasjonar på at forfattarane av programmet har gitt Javadoc ein einaste tanke. Støtte for dette kunne vore integrert i den overnemnte klasseoversikta, slik at ein kunne skrive slike ting direkte inn der, og late dei verte oppdaterte i koden.

Det er svært gode vegleiarar når ein skal opprette nye klassar, og i denne vegleiaren kan ein ikkje berre velgje tilgangsmodifikator, om klassen er abstrakt og kven den arvar frå, men ein kan og legge til klassens metodar og variablar. Dette er svært oversiktlig, og gjer det svært enkelt å opprette nye klassar. Det finns ein liknande vegvisar for grensesnitt (interfaces).

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen