iTunes meir populært enn P2P

Undersøkinga er heilt og holdent utført i USA, der Apple har køyrt ein mykje hardare reklamekampanje for iTunes enn de har gjort her i landet. Tala gjer difor berre ei oversikt over den amerikanske marknaden, men syner tydeleg at iTunes er på veg framover.

iTunes er nok ikkje på topp heilt enno, førsteplassen innehas nemlig av WinMX, eit program nytta av 2,1 millionar husstandar i USA. Meir enn 1,7 millionar amerikanske husstandar nyttar no iTunes for å hente ned musikk frå nettet, på ein delt andreplass med LimeWire, som vert brukt av omtrent like mange husstandar.

Totalt nyttar 4 prosent av den amerikanske befolkninga no ei musikknedlastingsteneste som dei betaler for, og dei aller fleste av desse var over 30 år. Det syner at det er flest yngre brukarar som nyttar fildelingsprogram, medan dei eldre brukarane er villige til å betale for musikken.

På dei etterfølgjande plassane finn me program som Kazaa, BearShare, Ares Galaxy, Napster, Morpheus, Real Player Store og iMesh, i den rekkefølgja.

Kjelder: DMN Newswire, Afterdawn, CNet News.com

Kommentarer (6)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen