Internet Explorer 7 på veg?

Den siste tida har me sett fleire og fleire brukarar bytte nettlesar, ofte for å få hendige eigenskapar som popup-blokkering, mus-snarvegar og ein raskare nettopplevelse. Konkurransen frå nettlesarar som Mozilla Firefox og Opera har blitt større, og det spekulerast no i om Microsoft skal ta opp kampen.

Microsoft har tidlegare sagt at det ikkje kjem nokon nye versjonar av Internet Explorer før i Longhorn, men har nylig overført ein av hovudutviklarane frå Longhorn til IE, og søker etter nettlesarutviklarar.

Ryktene går om popup-blokkering, støtte for surfing på fleire nettstader i eit vindauge, betre sikkerhet, betre støtte for PNG og CSS, og RSS-integrering. Alt dette er eigenskapar ein allereie finn i Opera og Firefox.

Microsoft nekter å kommentere planane selskapet har for nettlesaren, men seier at dei prøver å samle tilbakemeldingar frå brukarane. Dagens versjonar av Internet Explorer på Windows har fleire manglar, der dei mest irriterande for webutviklarar er ufullstendig støtte for stilspråket CSS og grafikkformatet PNG. Full støtte for desse to formata vil gjere det svært mykje enklare for webutviklarar å lage nettsider som viser likt i alle nettlesarar.

Kjelde: InternetNews.com

Kommentarer (8)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen