IE7 får reduserte rettar

Under ei strategisk orientering ved Tech·Ed-konferansen i Florida, fortalte Gordon Mangione i Microsoft om dei tryggleiksforbetringane me kan forvente å sjå i Internet Explorer 7. Mangione seier at selskapet har fjerna mange rettigheitar frå IE7, for å betre beskytte dei som surfar.

Nettlesaren vil òg gjere fundamentale endringar i korleis filer vert køyrt, og vil ha ny anti-spoofing- og anti-phishing-funksjonalitet. Forbetringane vil vere knytta til dagens tryggleikssonar i IE.

Mangione nemnte samtidig at IE7 vil ha støtte for internasjonale domenenavn, IDN. IDN vil tillate særnorske bokstavar i domenenamn, noko som du tidlegare har måtte benytta plugins for å få til i IE. Nettlesarar som Opera og Firefox har støtta dette systemet lenge.

I tillegg kjem ein innebygd RSS-lesar og betre søkefunksjonalitet. Søkinga vil la deg velge frå eit utvalg av søkemotorar, ifølge Mangione. Mange andre små forbetringar vil komme på plass, blant anna har "tilpass til side"-funksjonen når det gjelder utskrifter vorte forbetra.

Kjelde: eWeek

Kommentarer (10)

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen