Idiotisk søppelpost

Eg har begynt å motta meir og meir spampost. Dette er jo min eigen feil, sidan eg har hatt e-postadressa mi klistra opp på fleire nettsider dei siste åra. Av min daglige e-post er over 50% spam, eit tal som er nokonlunde moderat når ein samanliknar med kva andre mottar kvar dag.

Eg har satt opp beskyttelse, faktisk på to nivå. Mykje av e-posten eg mottar blir filtrert på serveren, slik at mykje av e-posten faktisk blir sletta før den kjem fram til innboksen min. I tillegg har eg satt opp POPFile, eit veldig effektivt filter som benyttar seg av statistisk analyse av den innkommande e-posten. Ved å samanlikna orda i ein innkommande e-post med e-post eg har mottatt tidlegare, kan filteret komme fram til sannsynligheita for at denne e-posten er spam. Og filteret er effektivt, til no har det hatt rett over 97% av tida.

Men likevel slepp av og til ein e-post igjennom, som burde ha vore sendt direkte til spam-mappa mi. Men når eg ser på e-posten, finn eg ut kvifor den ikkje vart stoppa; den inneheld ingenting. Absolutt ingenting. Det er som om nokon skulle tatt ein tom konvolutt, skrive namnet mitt på den, klistra ei avsenderadresse frå Indre Usbekistan på, og postlagt den. Eg klarar ikkje å fatte kvifor dei sender slik e-post til meg.

Dei har jo ingenting å tjene på det. Og svært mykje av spammen eg mottar er like talentlaus; eit anna eksempel er slike som denne;

Fra: Carrie Bourque
Emne: Angelo Bagnato

Bitton Averyl

Eg har mottatt ein god del variantar av denne i det siste. Det er alltid forskjellige ting som står i Fra- og Emne-felta, men det er alltid tre namn. I alle fall trur eg det er namn, og eg tvilar på at det er noko anna. Akkurat kva det er dei forsøker å få meg til å gjere, klarar eg rett å slett ikkje å fatte.

Vanleg spam har eg mykje mindre problem med, sidan då veit eg kva det er avsendaren faktisk vil. Dei vil selge meg noko. Og slik spam er enkel å filtrere vekk, men døma over er tilnærma umogleg å filtrere, sidan dei ikkje inneheld nokon vanlege ord.

Så den einaste logiske konklusjonen eg kan trekke, er at dei sender denne e-posten berre for å irritere meg.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen