HP og Lexmark overvåker skrivarar

Begge firmaene har no bekrefta at dei faktisk overvåkar brukarane sine, sjølv om dei tidlegare ikkje har hatt kjennskap til dette, når brukarar har ringt til støttetjenesta. Brukaren er nødt til å godkjenne at denne programvara vert lagt inn, men det er tydeleg at særs mange av brukarane ikkje er klar over at dei har installert dette programmet.

Det var i forrige veke at nokon skreiv ein post på ei Usenet-gruppe, der dei hadde oppdaga at skrivarprogramvara sendte mykje informasjon til ei Lexmark-eigd nettside. Lexmark sitt program sender data attende til produsenten kvar 30. dag, og det som vert sendt skal ikkje innehalde personleg informasjon. Ifølge Lexmark vert berre informasjon om kva Lexmark-produkt kunden har, antall utskrevne sider i perioden, kor mykje blekk som har vorte brukt, og kva knappar på skrivaren som er oftast i bruk.

Usenet-posten seier derimot at programmet og sender serienummeret til skrivaren. Når ein registrerer Lexmark-skrivaren sin, skriv ein inn både serienummeret til skrivaren, samt namnet på eigaren. Dette lar Lexmark lett kople informasjonen ein sender inn til eit namn. Du kan lese heile tråden her. Me her i programmer.no finn det sannsynleg at Lexmark sender serienummeret tilbake til seg sjølv, sidan det er den enklaste måten å identifisere korleis ein skrivar har vorte brukt over tid. Me veit derimot ikkje om Lexmark Connect faktisk sender denne informasjonen attende.

Kjelde: ZDNet

Kommentarer (2)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen