Hotmail med 250MB gratis e-post

Tilbodet kjem omtrent som ei oppfølging til Yahoo! sitt tilbod om 100MB gratis lagringsplass forrige veke.

MSN Hotmail aukar no lagringsplassen frå 2MB til 250MB, det er ein faktor på 125 gongar original lagringsplass. Ein av dei mest irriterande tinga med å ha ein Hotmail-konto, har vore den svært begrensa plassen. Og om 250MB er for lite for deg, kan du velgje å betalte US $19.95 i året for å få 2GB lagringsplass.

Sidan MSN Hotmail har ein så enorm mengde brukarar, er det i første omgang amerikanarane som vil få benytte seg av dette tilbodet. I USA vil aukninga verte påbegynt i byrjinga av juli, medan det enno ikkje er satt nokon dato for når me kjem til å få sjå noko til dette tilbodet i Europa. Betalande brukarar vil få oppgradert kontoen sin først, uttalte sjef for MSN, Lisa Gurry til eWeek.

Samstundes med oppgraderinga vil MSN få nye anti-virus-mogleikar. Brukarar skal med det nye systemet ikkje berre kunne sjekke innkommande e-post for virus, men òg rense denne e-posten.

Kommentarer (0)

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen