Anmeldelse Hitman: Absolution

Agent 47 er tilbake

Elsk det eller hat det, Agent 47 har gått gjennom store endringar.

[Gamer.no]: Agent 47 er tilbake. Den svartkledde herren med det raude slipset er klar for nye oppdrag. Produksjonsverdiane har gått i taket, og vi blir møtt av eit veldig lekkert spel med ein unik visuell stil. Kameraeffekter tydeleg inspirerte av Kane & Lynch-serien møter i nedtona drakt sterke fargar og stummane mørke i herleg samspel. Det er ikkje mangel på ting å sjå på, og saman med den dramatiske musikken er stemninga upåklageleg.

Historia er meir dominant denne gongen, sjølv om den først og fremst fungerer som trådar som binder dei ulike oppdraga saman. Vi møter ikkje stor forteljarteknikk, og persongalleriet er ikkje stort meir enn ei lang liste med klisjear, men den er likevel underhaldande. Fleire solide skodespelarar gjer ein formidabel jobb i å vekkje dei noko karikerte personane til live. Spesielt Keith Carradine briljerer i rolla som ein rik, ekkel og hensynslaus jævel.

Grei skuring

Første dag på jobben.
Første dag på jobben.

Mekanikkane i Hitman: Absolution er enkle, men dei endrar seg avhengig av vanskegrad. Til dømes får vi på lettare vanskegrader bruke sjekkpunkt for å lagre framgangen. Ikkje at spelet nødvendigvis blir lettare berre av den grunn. Først må du finne sjekkpunktet, og så må du bestemme deg for om akkurat no er eit godt tidspunkt å aktivere det på. Skru opp vanskegrada nokre hakk, og sjekkpunkta forsvinn fullstendig.

Den viktigaste nyvinninga er derimot at du kan bruke instinkt for å studere områda. Hald inne ein knapp og du får sjå objekt, folk, og kanskje kvar dei er på veg. Dette gjev deg ein god sjanse til å planleggje ruta di før du går til aksjon. Samtidig endrar instinktet seg avhengig av vanskegrad. På dei lettare vanskegradene kan du få tips til korleis du skal gå fram, noko som forsvinn heilt når spelet blir vanskelegare, samtidig som instinkt blir vanskelegare å opparbeide. I tillegg kan du slå av og på alt slik det passar deg. Vil du ikkje ha noko hjelp, er det ditt eige val.

Et variert spel

Vil du liste deg forbi eller skyte dei i kaldt blod?
Vil du liste deg forbi eller skyte dei i kaldt blod?

Hitman: Absolution lev i ein bølgjedal. Det har dramatiske høgder og stygge avgrunnar. Nokre gongar er det frykteleg frustrerande, andre gongar skrik ein ut i glede over å ha fått til noko fantastisk. Spelet er på sitt aller beste når du klarar å snike deg rundt alle fiendar usett, medan du metodisk legg ned livsfarlege feller for måla dine. Det er frykteleg lite som slår den herlege kjensla av å fått til noko på best mogleg måte.

Om dei beste sekvensane i Hitman: Absolution hadde vore gjeldande for heile spelet hadde dette vore eit obligatorisk kjøp. Diverre er det alt for mange ting som trekk ned. Forkledningssystemet er høgst problematisk, og den kunstige intelligensen vekslar mellom det solide og det horrible. Samtidig er det eit meir lineært spel enn vi er vande med. Du har ofte svært mange val, men samtidig det motsette.

Det er ikkje nødvendigvis negativt. Hitman: Absolution er eit ganske variert spel som vekslar mellom det kreative og inspirerande, og det intense og nervepirrande. På sitt verste blir ein berre oppgitt, men når alt treff blink kan ein ikkje be om meir.

Hitman: Absolution kjem i sal for PC, PlayStation 3 og Xbox 360 20. november.

Dom Xbox360/PC: 7/10 GODT

Vil du vite meir?
Les heile anmeldelsen av Hitman: Absolution på Gamer.no »

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen