Test

Head First Java

Takk til O'Reilly for utlån av boka.

Då me først fekk høyre om denne boka, var me sikre på at dette ville vere den nye måten å lære programmering på. Det verkar som eit genialt prinsipp, og me rekna med å kunne kjenne igjen mykje av trekka til faktabøker for born. Boka er nemlig fylt til randa av illustrasjonar, der gjennomgangstemaet er 50-talets idealfamilie. Eg kan ikkje forklare kvifor dei har valt dette som tema, sidan mange av bileta får eit litt absurd preg i forhold til kva teksta pratar om, men kommentarane til bileta er ofte lett humoristiske.

Innhold

Boka tek til med ei forklaring på innlæringsprinsippa dei kjem til å nytte i boka. Her forklarar dei korleis hjernen din verkar, og kva du skal gjere for å lære best. Me syns heile dette forordet er heller malplassert, og er ein del lengre enn det burde ha vore. Til og med dette forordet er illustrert med nokre tigrar. Etter forordet byrjar dei med å forklare fordelane med Java, korleis syntaksen i Java er, og litt om objektorientering. Objektorientering tar dei vidare i andre kapittel, og dei brukar svært mykje tid på å forklare fordelane med objektorientering. Neste kapittel handlar om variablar, korleis Java behandlar dei, og korleis ein skal deklarere dei. Når me då er komt til fjerde kapittel byrjar dei å forklare korleis objekt oppfører seg; før dei nyttar det du har lært fram til no til å lage eit slagskip-spel. Andre område som vert dekka i denne boka Java-biblioteket, korleis objekt og polymorfisme (arving og typekasting) fungerer, oppretting og fjerning av objekt, og korleis ein behandlar tal i Java.

Me er då komne til kapittel 11, der dei fortel om unntak (exceptions), før dei går vidare på grafiske brukargrensesnitt, Swing, lagring av objekt, klient/server-basert kommunikasjon, førebuingar til distribusjon av programma, før dei heilt til slutt tar for seg distribuert databehandling. Alt i alt ser det ut til at dei dekker dei fleste emna innanfor Java i denne boka.

Dømebruken har me derimot noko å utsette på. Dei har 2 skikkelege dømer gjennom heile boka, resten av døma er for korte til at dei kan gjere noko nyttig. Dei er svært opptatt av dyr og høva mellom dei i dei fleste døma. Etter vår meining kunne dei ha gjort mykje med dømebruken her.

Kommentarer (-1)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen