Google slepp Earth beta


Klikk på biletet! Bilete: Windypundit.com

Eigenskapane i betaversjonen er eit stort steg opp frå tidligare versjonar av Keyhole. Basert på satellittbilete frå heile verda, lot Keyhole deg zoome heilt inn på byar, ofte så langt at du kunne kjenne igjen bygningar. Google Earth går hakket lengre.

For mange av byane i USA har Google laga ein 3-dimensjonal representasjon av byplanet, slik at ein kan bevege seg gjennom den aktuelle byen slik ein vil. Biletet ovanfor viser korleis Chicago ville sett ut frå helikopter.

Google har òg valt å integrere Google Local Search i den nye betaversjonen. Du kan enkelt få opp køyreforklaringar, og få merka opp ruta di på eit satellittbilete. Og heile programmet er mykje raskare enn Keyhole var, sidan programmet benyttar seg av Googles eigne tenarar.

Programmet er for augneblinken ein lukka beta-test, og berre eksisterande Keyhole-kundar har fått tilgang til Google Earth. Det er framleis ukjend når programmet vil verte tatt ut av beta.

Kjelde: Windypundit.com

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen