Gode tider hos Intel

Etter dei tre første månadane i år kunne Intel med glede rapportere om ei omsetjing på heile 10,3 milliardar amerikanske dollar. Selskapet rapporterte om driftsinntekter på 3,4 milliardar dollar, nettoinntekt på 2,4 milliardar dollar og EPS på 43 cent.

Dette var ein betydeleg oppgang i forhold til fjorårets relativt dårlege første kvartal der generell omsetjing låg på 7,1 milliardar dollar, driftsinntekter på 670 millionar dollar, nettoinntekt på 647 millionar dollar og EPS på 11 cent.

«Investeringane vi gjer i denne leiande teknologien gjer at vi kan levere den mest overbevisande produktbehaldninga i vår historie», var noko av det Intels president og CEO, Paul Otellini, kunne skryte på seg. «Våre leiande produkt kombinert med aukande etterspurnad over heile verda resulterte i Intels beste første kvartal nokon gong. Vi ser optimistisk på framtida ettersom Intel-produkta er designa for ei rekkje nye og spanande segment.»

Etter tala frå andre kvartal i år ser det ut til at Otellini hadde grunn for denne optimismen. Omsetjinga har nemleg stige til heile 10,8 milliardar dollar, driftsinntektene til 4,0 milliardar dollar, nettoinntektene til 2,9 milliardar dollar, EPS til 51 cent og bruttomargin til 67%. Desse tala viser til det beste kvartalet til Intel nokon gong.

Ein stor del av denne auka har sannsynlegvis rot i dei nye soklane LGA1156 og LGA1366, som etter kvart har pressa den eldande LGA775-sokkelen til side.

«Kraftig etterspurnad frå bedriftskundar etter dei mest avanserte mikroprosessorar våre hjelpte Intel å oppnå det beste kvartalet i selskapet si 42 år lange historie», seier Paul Otellini optimistisk. «Leiininga vår innan prosessteknologi, pluss overbevisande arkitektonisk design, skil Intel-baserte produkt i marknaden meir og meir. PC- og serversegmenta er gode, og etterspurnaden etter teknologien vår vil halde fram med å auke i overskodeleg framtid.»

(Kjelde: Intel)

Kommentarer (13)

Norges beste mobilabonnement

Januar 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

ICE Mobil 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Hello 5GB


Jeg bruker mye data:

Hello 10 GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen