Guide

God passordpolitikk

Treng eg virkelig eit passord?

Dette er det første spørsmålet du må stille deg. Dersom du har filer som er sensitive på datamaskina di, som t.d. dokument frå jobben, kredittkort-informasjon eller informasjon om svært personlege ting, er det særs viktig å passordbeskytte brukerkontoen din. Ei maskin som vert nytta til innlogging på nettbanken, kan det og vere særs lurt å beskytte.

Det finns sjølvsagt mange måtar å lage ei slik passordbeskytting på, den mest brukte er den i Windows. Denne sikrar deg at ingen andre enn dei med passordet kan logge på maskina, dersom det ikkje finns andre sikkerhetshol på den. Både Windows NT, Windows 2000, Windows XP, og stort sett alle versjonar av Linux kan settast opp slik at ein brukar kun får tilgang til sine eigne filer. Administratorbrukaren kan uansett ta over eigarskap av dei filene han ønskjer, men på private maskiner er ein som oftast sjølv administratorbrukaren.

Derimot er det enkelte ting som det er lite behov for å beskytte, slikt som private brev, e-postar, musikksamlinga, familievideoane og bildene dine. Ein som bryt seg inn på maskina di er i 99% av tilfella ikkje interessert i denne informasjonen, og det vil ikkje vere nokon katastrofe om maskina di får eit innbrot som følgje av at du ikkje har eit passord. Dersom du har eit sikkerhetsbrot på PCen din, er normalt det verste som kan skje at maskina di blir nytta som ein vidaresendar for spam, eller at maskina evt. sluttar å virke.

Det faktum at ein må skrive inn eit passord kvar gong ein loggar på, kan for enkelte vere særs irriterande, spesielt om ein ikkje ser nytteverdien av det. Dersom du har eit tilstrekkelig godt passord, og du får eit innbrot på di personlige datamaskin som har viktige dokument frå jobb, så stiller du mykje sterkare enn om du ikkje hadde eit passord.

Det er likevel viktig å merke seg at å ha eit godt passord ikkje naudsynt medfører god sikkerhet. Du bør sjølvsagt ha brannmur- og anti-virus-programvare installert. I tillegg bør du sette på oppdatering av programvare og operativsystem, og følgje med på ulike nettstader som opplyser om sikkerhetsproblem når dei dukkar opp.

Kommentarer (2)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen