Gaim får telefonistøtte?

Gaim, eit av dei mest populære programma for bruk med øyeblikkelige meldingstenestar, finns no i ein versjon som har støtte for telefoni. Det kan brukast til å ringe til andre PCar og til vanlege telefonar. Gaim er kjend for å ha svært god støtte for å integrere meldingstenestar frå fleire leverandørar, og å gje deg ei samanslått meldingsliste for desse. Om ein av dine kontaktar er tilgjengelig på fleire måtar, så treng du ikkje tenke på det, du berre velgjer personen du vil prate med.

Me har tidlegare sett programvare for å ringe frå PC til PC, frå PC til telefon, og frå telefon til PC. Phonegaim kan gjere alt dette, men det kostar framleis pengar å ringe til ein hustelefon frå PCen din. Foreløpig er programmet berre tilgjengeleg for Linspire/Lindows, men kjeldekoden er tilgjengeleg for nedlasting, og utviklarane bak programmet Gaim ser på om dei skal inkludere støtta i den vanlege versjonen.

Det kjekke med dette systemet er at det er kompatibelt med mange system som allereie er i bruk, og du kan t.d. ringe opp ein bruker som nyttar AOL si IM-teneste når du nyttar MSN. I tillegg støttar systemet SIP, Session Initiation Protocol, som er ein protokoll som svært mange IP-telefonar nyttar. Det vil vere gratis å ringe til ein annan PC, medan du kan abbonere på telefonering til telefonar.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen