Easy CD-DA Extractor

Easy CD-DA Extractor er eit lite, men innhaldsrikt program, som vert distribuert som shareware. Shareware er direkte oversatt til delingsvare, som betyr at du kan sende programmet til alle din kameratar. Det er gratis i ein prøveperiode på 30 dagar, etter det sluttar det å virke, og du kan betale for å fortsette å bruke det. Prisen for bruk av programmet utover dei 30 dagane er €29.95, etter dagens kurs i underkant av 250kr. Programmet vert brukt for å gjere om spora på ein musikk-CD til alle moglege formar for interne dataformat, inkludert MP3, WMA, OGG, FLAC og WAV.

CD-DA er ein forkortelse for Compact Disk - Digital Audio, og dette gjer programmet forskjellig frå ein del andre kopieringsprogram. For mange av dei eldre kopieringsprogramma var det vanleg at spora vart gjort om til analoge spor, før dei vart lagra på disk. Det var slik underteikna laga sine første MP3ar, ved å trekke ein kabel frå høgtalarutgangen til mikrofoninngangen på datamaskina, starte eit opptaksprogram og eit CD-avspelarprogram, og ta opp i sanntid. Programmet her leser innhaldet på CDen digitalt, og dette gjer ikkje berre at det kan gå mykje fortare, men òg at du får det ut i akkurat samme kvalitet som det er lagra på CDen.

Når du først startar opp programmet, får du opp ei oversikt over CDen som står i for augneblinken. Ikkje berre får du opp antallet sangar og lengden på dei; dersom du er kopla opp til Internett henter programmet automatisk ned all informasjon om CDen. Du får opp artistnamn, tittel på CDen og spora, sjangeren og produksjonsår. Du kan spele av sangane direkte i programmet, for å høyre kva sangar du ønskjer å ta kopi av, og merke av dei spora du vil ha.

Av utformat har du som sagt eit bredt utval å velgje frå. Ikkje berre har du dei aller vanlegaste, slik som MP3, WMA, OGG, FLAC, AAC og WAV, men i tillegg kan du lage MP4, M4A, MPC, APE og AIFF. Dei aller fleste har ein liten haug med avanserte innstillingar dersom du veit kva du gjer på, samtidig som dei har ferdige innstillingar som du kan velgje frå. T.d. kan du velgje MP3-filer i CD-kvalitet, nær-CD-kvalitet, og så bortetter. Du kan og velgje å bruke Windows sine interne codecs til å lagre i evt. fleire format som Windows støtter, men programmet sine interne format er absolutt å foretrekke.

Om du lager MP3-filer vert filene automatisk fylt med ID3-taggar, den same informasjonen som vart henta ned frå nettet, og du slepp å bruke ekstra tid på å skrive inn denne.

Kommentarer (27)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen