Test

Dynasty Warriors 7 (PS3 / X360)

Min teori er at dei som meiner Dynasty Warriors-serien er søppel eigentleg ikkje likar å ha det moro. Dynasty Warriors-serien handlar om å ha det moro. Det handlar om å kjenne umåteleg kraft suse gjennom kroppen der du svingar ditt våpen frå høgre til venstre, opp, ned og rundt deg i ein tornado som får Katrina til å sjå ut som ein sval bris. I dette spelet drep du ein fiende praktisk talt berre ved å sjå på han, og den store gleda kjem gjennom korleis du måkar dei ned for fote.

Eg kan ikkje sjå føre meg mange spel som klarar å skape ei større kjensle av makt.

Tid for ein oppvask.
Tid for ein oppvask.

Tek store steg

For ein serie kjend for å kome med små endringa i kvar utgåve, tek Dynasty Warriors 7 temmeleg store steg. Om du ikkje kjenner serien vil nok alt sjå rimeleg identisk ut med dei seks føreståande utgåvene, men om ein pirkar litt under topplokket ser ein raskt at dette er eit ganske anna beist enn kva vi tidlegare har fått servert frå dei herlege japanarane i Tecmo Koei.

Gjennom kamp skal du herdast

I Dynasty Warriors 7 spring du så og seie aleine på slagmarka, i den forstand at du er den einaste som er i stand til å gjere nemneverdig med skade. Du har dine allierte heltar, og drøssevis med allierte soldatar, men skal noko gjerast, må du gjere det sjølv. Dette gjeld for dei fiendtlege soldatane òg. Dei er som nikkedokker å rekne, og dei utgjer knapt nokon trussel. Det handlar meir om å reinske kartet for raude prikkar enn om å møte reell motstand, sjølv om fiendane av og til kan finne på å slå tilbake.

Bowling blei først ein populær sport etter at kinesarane droppa handtaket.
Bowling blei først ein populær sport etter at kinesarane droppa handtaket.

Vanskelege generalar

Utfordringa kjem gjennom fiendens generalar. Dei dukkar opp med jamne mellomrom, og du må til kamp mot store mengder av dei gjennom spelet. Å ta ned generalane krev god bruk av kontrollsystemet, men kven av generalane på kartet du skal gå etter krev strategisk tenking. Du får til dømes kontinuerleg oppdatert informasjon om kva som skjer, og nokre gongar må du gjere vanskeleg val. Du kan springe mot eit aktuelt mål, eller du kan prøve å reinske området du er i først. Kva du gjer kan få moralen til å svinge både opp og ned, og dette kan bety meir eller mindre arbeid for deg. Skulle fienden til dømes klare å ta alle dine allierte generalar, vil fiendane flokke seg om deg i hopetal.

Tanketom moro

Dynasty Warriors 7 er tanketom moro av beste sort, og alle dei irritasjonar som no og då skulle dukke opp forsvinn når du ser kva som skjer kvar gong du slår eit slag for fridom og fred. Kampsystemet er betre enn nokon gong, og det er ei sann fryd å høvle gjennom den eine skvadronen etter den andre medan dine allierte generalar hyller deg opp i skyene som om du var ein nyfødt Messias. Dynasty Warriors 7 er spel slik spel skal vere; pur underhaldning.

Dette blir ei stygg landing, men krig har sine offer.
Dette blir ei stygg landing, men krig har sine offer.

Kunne ha vore betre

Det herskar likevel liten tvil om at Dynasty Warriors 7 kunne ha vore eit betre spel. Det kunne hatt eit betre kamera, det kunne hatt betre oversikt, og det kunne kanskje hatt meir variasjon for å overtale deg til å prøve ut alle dei forskjellige krigarane. Det er ekstremt mykje innhald her, men etter hundre timar har eg litt vanskeleg for å finne motivasjonen til å spele i hundre til.

Spørsmålet er derimot om ein har nokon grunn til å klage når ein allereie har kosa seg nok til å spele så mykje.

Dom PS3/X360: 8/10 SVÆRT GODT

Finn beste pris på Dynasty Warriors 7 i Prissøk.

Vil du vite meir?
Les heile anmeldinga av Dynasty Warriors 7 på Gamer.no

Norges beste mobilabonnement

August 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Chili Medium 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen