Disse spillene gleder vi oss til

Desse spela gler vi oss til

Hausten er den store sesongen for dyrt smågodt. Får du tid til alt?

Sommaren er snart over, og ein ny haust står utolmodig på lur. Som vanleg har vi mange godbitar i vente frå dei største utviklarane, men det kjem fleire godbitar frå sidelinja òg. Mange etterlengta storspel er endeleg klare for lansering, og fleire av dei er nye og spanande tilskot til etablerte seriar. Det går nok med ganske mange kuler i haust, men om du føretrekk sverd og magi har du nok å velje i. Du skal ikkje sjå bort ifrå at du får med deg ein heit liten flørt òg.

Lista er rangert i alfabetisk rekkefølgje, og vi har ikkje teke med spel som har lansering august sidan vi nett har hatt ein gjennomgang av dei spela.

Assassin's Creed: Revelations

Ute: 15. november

Ezio er klar for nye sprell.
Ezio er klar for nye sprell.

Som namnet seier er det mykje som står på spel i Ezio sitt siste eventyr. Fleire år har gått sidan starten, og Ezio er no ein eldre, men mykje meir erfaren mann. Konspirasjonar skal nøstast opp, vi vil få svar på store spørsmål, men først og fremst blir det mykje akrobatikk og smidig action. Assassin's Creed-serien har makta å forbetre seg dramatisk med kvart nye spel, sjølv om det no har blitt ei årleg affære.

Naturleg nok har forventningane bygd seg enorme før Revelations. Ubisoft kokte saman ein stor hit med Assassin's Creed, og populariteten har berre vakse med åra. Den glimrande kombinasjonen av variert og artig gameplay, og ei solid og spanande historie som verkeleg får deg til å lure på vegen vidare har treft blink.

Les meir om Assassin's Creed: Revelations.

Battlefield 3

Ute: 25. oktober

Dette er EA sin store konkurrent til Activisions absurd poulære Call of Duty-serie. Dei svenske utviklarane hos DICE har skrudd saman ein grafikkmotor som imponerer stort, og det dei har vist frå spelet ser svært spanande ut. Nytt for dagen er ein kampanjemodus der du blir kasta inn i intense krigssituasjonar.

Serien er likevel best kjend for sin fleirspelarmodus, og denne lovar å by på meir av det vi vil ha. I motsetning til dei meir konsentrerte kampane i Call of Duty-spela får vi store område der forskjellige stridsvogner og andre køyrety får ei viktig rolle. Det bli svært spanande å sjå korleis Battlefield 3 klarar seg i kampen mot Modern Warfare 3, men det ser absolutt ut til at DICE har ammunisjonen som skal til.

Les meir om Battlefield 3.

Batman: Arkham City

Ute: 21. oktober

Mørk og fryktlaus
Mørk og fryktlaus

Dei fleste blei ganske lamslåtte av kor fantastisk Batman: Arkham Asylum var. Superheltspel har ikkje for vane å hamne på listene over årets beste spel, men Arkham Asylum tok den plassen hos mange. Med eit heftig kampsystem som verkeleg gav deg kjensla av å vere ein meister i nærkamp, ei dyster stemning og ein glimrande struktur som nesten gav spelet ei Film Noir-preg, var suksessen eit faktum.

Det store spørsmålet er sjølvsagt om utviklarane hos Rocksteady kan overføre denne spelestilen som gjekk føre seg på ei lita øy til ein enorm by full av potensielle farer. Det vi har sett av spelet ser ekstremt lovande ut, og det er godt mogleg at Rocksteady er klare med ein ny klassikar. Med ei rolleliste full av kjende og populære slemmingar er det all grunn til å glede seg.

Les meir om Batman: Arkham City.

Call of Duty: Modern Warfare 3

Ute: 8. november

Kan Modern Warfare 3 gjenta suksessen?
Kan Modern Warfare 3 gjenta suksessen?

Verdas udiskutabelt største spelserie er tilbake. Black Ops knuste alle tenkjelege salsrekordar, og det blir spanande å sjå om Modern Warfware 3 kan prestere det same. Vi kan vente oss fleire heftige actionsekvensar og store eksplosjonar, men først og fremst er det fleirspelarmodusen folk ventar på. År etter år har utviklarane perfeksjonert modellen og bygd seg opp ei trufast hær med spelarar som tørstar etter meir.

I år er det ekstra stor spaning rundt Call of Duty sidan utviklarane hos Infinity Ward fekk seg eit hardt slag i fjor vår etter at mange ansette slutta. No har dei fått hjelp frå nyoppstarta Sledgehammer Games som har skaparane av Dead Space på teamet sitt, så dette blir i aller høgste grad spanande.

Les meir om Call of Duty: Modern Warfare 3

Catherine

Ute: Fjerde kvartal

Catherine vil forføre deg.
Catherine vil forføre deg.

Eg tek ikkje for store ord i munnen når eg seier at dette blir årets utan tvil mest spesielle spel. I tillegg bli det definitivt det mest erotiske og sexy spelet du vil finne på ein konsoll i år. Vi møter Vincent, ein ung mann med to store problem; Catherine og Katherine. To smellvakre damer som begge vil ha «stakkaren».

Her blir det intriger og sjalusi og gjennom spelet må du hjelpe Vincent med å gjere riktige val, og hjelpe han med å sjonglere både to damer og si eiga mentale helse samtidig. Som om det ikkje var nok for ein stakkar må du hjelpe han gjennom fleire «puzzle»-sekvensar der han må lage seg veg opp eit tårn bygd av kassar. Enklare sagt enn gjort når ein enorm demon prøvar å dra deg med ned i avgrunnen.

Les meir om Catherine

Dark Souls

7. oktober

Dette blir smerteleg.
Dette blir smerteleg.

Om du likar å få rumpa di partert og servert på eit sølvfat dandert med fersk frukt er dette spelet for deg. Som den andelege oppfølgjaren til det PlayStation 3-eksklusive Demon's Souls er dette definitivt ikkje eit spel for sarte sjeler som treng umiddelbar ros for god innsats. Nei du, her skal du bankast til ein så mør biff at eit vellukka oppdrag praktisk talt kan reiknast som ein tur inn i himmelen.

Dark Souls kjem med fleire endringar i forhold til Demon's Souls, og byr blant anna på ei større og opnare verd. I tillegg har spelet ein utvida nettmodus som vil la deg skrive lappar til andre spelarar. Her kan du hjelpe eller lyge så det renn av deg for å skape trøbbel for andre. I ei verd full av «meg òg»-spel gjer det godt med eit friskt pust som slår deg brutalt i bakken.

Les meir om Dark Souls.

El Shaddai: Ascension of the Metatron

Ute: 9. november

Årets vakraste spel?
Årets vakraste spel?

Religiøse eventyr er ikkje kvardagskost. Spel sett til epokar og sterkt prega av religion er ein ting, men det er sjeldan vi får eit spel der inspirasjonen er henta rett ut av Bibelen. Dette er derimot tilfelle med det vakre spelet El Shaddai. Spelet i seg sjølv vil vere lett å kome inn i for folk som har kjennskap til Devil May Cry og Bayonetta, men det er den grafiske stilen som verkeleg sperrar opp auga.

Her skiftar det mellom former og fargar nesten som bølgjer i eit abstrakt landskap. Sterker fargar og stiliserte former vekkjer figurane til live på ein måte som får det heile til å framstå meir som eit målerisk verk enn som eit interaktivt actionspel. Om du er klar for å sparke rumpe som ein engel i jeans, har du sjansen din no.

Les meir om El Shaddai: Ascension of the Metatron.

FIFA 12

Ute: 29. september

No får du enda betre kontroll over ballen.
No får du enda betre kontroll over ballen.

Fotball går aldri av moten, og det veit EA å sko seg på. I staden for å mjølke kua utan omsyn til det stakkars dyret vel dei derimot å verkeleg jobbe med kvart spel. Nye innoveringar er alltid på plass, og i år er det stort fokus på å auke realismen enda meir, utan å på noko punkt gjere det mindre moro. I år vil fysikkmotoren få seg eit løft, samtidig som det skal bli mykje meir interessant og utfordrande å forsvare seg.

Ekstra gode nyhende for PC-spelarane er at i år vil PC-versjonen vere heilt identisk med konsollversjonen, og skal by på akkurat den same moroa som du får om du slenger deg ned i sofaen for å ta ei fotballøkt. Med andre ord kan det sjå ut til at det er slutt på dagane der alle prioriteringar låg på konsollane.

Les meir om FIFA 12.

Forza Motorsport 4

Ute: 14. oktober

Årets racingoppleving?
Årets racingoppleving?

Det er nok få spel bilentusiastane gler seg meir til i år enn Forza Motorsport 4. Dei største nyhenda denne gong er eit samarbeid med Top Gear, og støtte for Kinect. Du kan no sjå lengre inn i svingar ved å lene deg litt til sida, og vi skal i tillegg frå Kinect-støtte i verkstaden.

Ein ny fysikkmotor hevdar i tillegg å skape ein realisme i køyringa ulikt noko anna. Utviklarane hos Turn 10 har bygd opp bilane basert på rådata får til dømes dekkprodusenten Pirelli, og resultatet skal vere eit spel som verkeleg gjev deg noko å bryne deg på. Det er berre å finne fram ratt og pedal, her skal det fresast gummi.

Les meir om Forza Motorsport 4.

Gears of War 3

Ute: 20. september

Her blir det blod og gladvald.
Her blir det blod og gladvald.

Spelet som gjer sitt beste for å kapre valdskruna frå Mortal Kombet er tilbake igjen, og denne gong får vi drepe fiendane på enda meir makabre måtar. Vi vil igjen følgje Marcus og Dom saman med sine allierte soldatar gjennom det som garantert blir eit ørlite helvete.

Denne gong må dei ikkje berre kjempe mot Locust, men òg den nye trugselen Lambent. Kva veg dette vil gå er ikkje godt å seie, men blodig blir det. Om du blir lei historia vil spelet by på ein oppgradert og forbetra versjon av Horde-modusen der du skal kjempe mot bølgje etter bølgje av fiendar. Gears of War 2 fekk mykje kritikk for fleirspelarmodusen sin, og Epic Games har mykje å bevise i år.

Les meir om Gear of War 3.

Saknar du nokre spel?
Sjå ytterlegare 10 spel vi gler oss til på Gamer.no.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen