Desse spela gler vi oss til i oktober

Om storleiken er viktig for deg vil oktober bli ein saftig månad.

Vi har nett hatt ein fantastisk månad med spel. Det største som skjedde i september må vel ha vore at Lionsgate røpa at dei skal lage film av det ekstremt emosjonelle og problemfrie zombie-eposet Dead Island. Knapt har vi nokon gong sett noko meir originalt og vågalt enn denne perla. Eg ventar i våt spaning på å sjå kva Lionsgate finn på med dette nye konseptet «zombier». Er det forresten nokon som veit meir om temaet?

Utover det har vi fått blant anna to solide skytespel i september. Både Gears of War 3 og Resistance 3 innfridde til forventningane/håpa/bønene, og sjølv om eg har sett meg nøydt til å bite i det sure eplet og innsjå at eg ikkje lenger kunne brydd meg mindre om nokon av delane, håpar eg dei som framleis bryr seg har mykje kos og fine stunder med Locust og/eller Chimaera.

Av personlege anbefalingar vil eg berre seie to ord: Xenoblade Chronicles, men no er det igjen tid for å la fortid vere fortid, og sjå framover til dei potensielt største perlene oktober har å by på, og vi sorterer etter dato.

Dark Souls

Ute: 7. oktober

Spelet for alle som elskar ris på stumpen.
Spelet for alle som elskar ris på stumpen.

Det er spesielt ein person i Gamer-staben som likar å få pryl, og i si omtale av Demon's Souls starta han på sitt freidige vis med «Au, au, au så godt det gjer!». Eg snakkar sjølvsagt om vår alles Lasse Lervik, og kjenner eg han rett er det få ting som for han blir via meir tid enn å torturere seg sjølv i Demon's Souls sin andelege oppfølgjar Dark Souls.

I korte trekk er dette eit spel laga slik spel skal lagast. I Dark Souls sitt tilfelle handlar det om å gjere kvar bidige situasjon vanskeleg. Brutalt vanskeleg. Så vanskeleg at utviklarane blir skuffa om du ikkje ligg i fosterstilling og gret deg i søvn kvar kveld. Dette er eit spel der du vil døy ti gongar i løpet av dei fem første minutta, og til din store skrekk vil du elske kvart sekund. Du vil innsjå at i den mørke fantasiverda til From Software, vil sverd, demonar og mørke grotter først og fremst gjere deg godt kjend med den masochisten du aldri visste du var. Kos deg.

Les meir om Dark Souls

Rage

Ute: 7. oktober

Definisjonen av ordet «pent» har endra seg dei siste åra.
Definisjonen av ordet «pent» har endra seg dei siste åra.

Endeleg! Det er vel få ord som betre kan beskrive det ein tenkjer når ein ser ein konkret dato på dette særs etterlengta spelet frå legendartiske John Carmack og id Software. Gjengen som har stått bak nokre av dei viktigaste spela i historia, og ikkje minst revolusjonerande teknologi så og seie kvar gong, er tilbake med eit heilt nytt spel i ei heilt ny verd.

Her er det raud sand og aude sletter som gjeld. I ei postapokalyptisk og absurd vakker verd får du ta del i forhåpentlegvis spanande historie medan du byggjer opp dine eigne køyrety og kjempar mot beist som lovar å by på ein kunstig intelligens noko utanom det vanlege. Vi har sett det i aksjon fleire gongar, og det er ingen tvil om at potensialet er enormt. Det store spørsmålet er om Doom-skaparane klarar å lausrive seg frå dei tronge korridorane dei elles er kjende for. Berre tida vil vise.

Les meir om Rage

Guardian Heroes

Ute: 12. oktober

Du får ikkje meir moro enn den du lagar sjølv, eller får frå gamle 16-bit-spel.
Du får ikkje meir moro enn den du lagar sjølv, eller får frå gamle 16-bit-spel.

Eit av dei – om ikkje det – beste spela på Sega Saturn er vender tilbake som eit Xbox Live Arcade-spel. Eg har ikkje tal på kor mange netter eg har loge der i senga og drøymt om dette. Kvifor ingen tenkte tanken på å sleppe denne perla på nett var for meg eit sjokkarta mysterium, heilt til den gledelege beskjeden kom om at draumar skulle bli realitet.

Det er all grunn til å glede seg til Guardian Heroes. Det er eit sideskrollane og superintenst actionspel med visse rollespelelement. Du kan forme din eigen veg vidare, spelet har tonnevis med forskjellige sluttar (dette var ganske populært før i tida), og heile tolv spelarar kan rotte seg saman på nett for litt kaotisk moro. Dette blir intens moro som vil vekkje til live dei gamle og fortrenge minna om kor usannsynleg bra spela var før i tida. Om du kom skrikande til verda etter den tid, vil nærkontakt med denne perla gjere det veldig tydeleg kvifor du skreik.

Les meir om Guardian Heroes

Forza Motorsport 4

Ute: 14. oktober

På tida å finne fram silkehanskar og silkesjerf.
På tida å finne fram silkehanskar og silkesjerf.

I fjor var det Gran Turismo 5 som gav racingentusiastane våte draumar, og no er det Microsoft og Forza Motorsport 4 sin tur. Konkurransen er kanskje ikkje den hardaste i haust, og dette burde gi racingflaggskipet til Microsoft ein solid sjanse til gjere seg merka. Utviklarane lovar forbetringar stort sett over heile linja, ikkje minst gjennom ein heilt ny fysikkmodell.

Utover det får vi enda betre grafikk, mange nye modusar som bilbowling og Top Gear-fotball og spanande Kinect støtte for å kunne få betre oversikt ved å vippe litt på hovudet. Hovudfokuset ligg på at bilane skal vere naturtru og oppføre seg som ekte vare. Utviklarane hos Turn 10 har tatt så seriøst på denne oppgåva at dei har demontert bilar for å studere korleis dei skulle simulere hjuloppheng. Som om det ikkje var nok har dei øydelagt bilar i kunnskapens og matematikkens namn. Bilelskaren som aldri har budd i meg gret, men forhåpentlegvis er det berre ein forsmak på dine gledestårer.

Les meir om Forza Motorsport 4

Might & Magic Heroes VI

Ute: 15. oktober

O heilage rutenett, svikt meg aldri!
O heilage rutenett, svikt meg aldri!

Det er høgtid kvar gong eit nytt Heroes-spel er på veg. Denne serien har praktisk talt definert sosial speling på PC. Kven har vel ikkje herlege minner frå å sitje i godt selskap der ein etter tur byggjer opp både by og hær, før ein går til krig mot kvarandre som blodtørstige varulvar med både rabies og eit uheldig anfall av pubertet?

Skulle du svare noko i retning av «ikkje meg» på dette har du no ein gyllen sjanse til å oppdage turbasert strategi på ny. Utviklarane av Might & Magix Heroes VI gjer nokre solide grep for å fornye serien, og har enda større fokus på dei taktiske kampane enn før. Samling av ressursar og eksterne basar er forenkla ved at du no tek kontroll over soner, og kunsten å samle ei hær er no mykje meir effektiv. I kamp får du mykje å velje i, og både heltar og krigarar har eit mylder av eigenskapar og triks å by på. No gjenstår det berre å sjå om Black Hole Games kan klare å hamle opp med klassikarane til avdøde New World Computing.

Les meir om Might & Magic Heroes VI

Batman: Arkham City

Ute: 21. oktober

Jokeren har vente lenge på dette oppgjeret.
Jokeren har vente lenge på dette oppgjeret.

Desse superheltspela har aldri hatt eit godt rykte. Stort sett har vel det vore Supermann sin feil, men det er ikkje til å kome utanom at dei svært sjeldan har vore bra! Av denne nette grunn fekk verda eit kollektivt sjokk hausten 2009 då Batman: Arkham Asylum tok kvelartak på ein heil industri. Ikkje berre var det eit knakande godt spel om ein superhelt, men det var i tillegg innovativt og skapte eit Batman-spel som verkeleg gav deg kjensla av å vere ein livsfarleg skuggevandrar.

Med andre ord er det ikkje utan grunn at vi gler oss stort til oppfølgjaren Akrham City. Her vil alt bli ekstremt mykje større, vi får møte mange kjende slemmingar frå Batman-universet, og med mindre Nibiru dukkar opp tidlegare enn avtalt bør det bli noko heilt spesielt. Ekstra stort denne gong er sjølvsagt at Catwoman no er med, og for alle som har eit ømt punkt for Batman er det noko vi har venta på.

Les meir om Batman: Arkham City

Battlefield 3

Ute: 27. oktober

Årets grafikkmonster?
Årets grafikkmonster?

Om du enno ikkje har fått med deg at årets store slag står mellom Battlefield 3 og Modern Warfare 3 har du sannsynlegvis ikkje den heilt store interessa for spel, og du har rota deg inn på denne artikkelen utan å heilt vite kvifor. Skal vi tru og stole på EA er det i alle fall dette som er haustens store slag. Det går knapt ei veke (dag?) utan at nokon frå det elektroniske kunstakademiet slenger med leppa om korleis Activision sin storserie kjem til å blø storvegs om kort tid.

Tida vil vise. Det som er sikkert er at Battlefield 3 er eit nytt skytespel i førsteperson med eit grafisk ytre som har imponert stort frå første dag vi såg det. Her kan du rekne med intens krigføring både på og av nett, og om du har ein liten fantasi om å køyre gjennom ørkenen i stridvogn kjem du nok til å få deg ei fin overrasking. Det blir eit spanande slag mellom to store titlar, kva side av krigen ligg du på?

Les meir om Battlefield 3

Snop over heile linja

Som vanleg er ikkje dette alt månaden har å by på. Det kjem eit hav av titlar og det er såleis vanskeleg å velje ut dei beste og viktigaste på førehand. Difor har eg ofra av meg sjølv og gjort lista eit par nummer større enn vanleg. Om ingenting på lista – ikkje ein gong fabelaktige Guardian Heroes – skulle freiste har du fleire solide alternativ. Først må eg beklage til Nintendo-fansen som reagerte førre månad, men det er frykteleg lite å spore av nye fakter i oktober borsett frå nokre billegutgåver av Super Mario Galaxy og The Legend of Zelda: Twilight Princess, eller eventuelt ein 3DS i metallisk raud. Betre lukke i november.

PES 2012 lanseres i oktober.
PES 2012 lanseres i oktober.

Av faktiske nyhende finn vi blant anna ein oppussa versjon av MDK2 til PC. Ein gammal BioWare-klassikar på ny, kven kan vel klage på det? Om dette ikkje er nok kan dei tidlegare Ensemble Studios-folk i Robot Entertainment by på seriøs orkeslakt i det Tower Defense-inspirerte actionspele Orcs Must Die. Namnet seier vel det meste.

Er det sport du vil ha får du ty til NBA 2K12 eller PES 12, men om du heller vil ha brennheit action i skyene kjem Namco endeleg med eit nytt Ace Combat-spel. For det vesle bornet i deg som aldri veks opp kan Sony freiste med Ratchet & Clank: All 4 One. Sofasamarbeid i dette universet kan jo raskt bli ein slager.

I tillegg får superheltane passa sine påskrivne i heile to spel denne månaden. Både Spider-Man: Edge of Time og X-men: Destiny er klare til å ta opp kampen for ei betre verd. Alternativt kan du reise tilbake til Fortune City og kjempe mot dei endelause rekkene med zombier i Dead Rising 2: Off the Record. Skulle vampyrar vere meir di greie kan du sjekke ut Infamous 2: Festival of Blood til PlayStation 3.

Skulle eg no mot all fornuft ha hoppa over ei eller anna viktig perle får du kjefte på meg i forumet, så skal eg love å gjere mitt beste for å gjere opp for det neste månad.

God speling!

Kommentarer (6)

Norges beste mobilabonnement

Mars 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Komplett MiniFlex 1GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio FriBruk 5GB+EU


Jeg bruker mye data:

Komplett MaxiFlex 10GB


Jeg er superbruker:

Komplett MegaFlex 30GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen