Desse spela gler vi oss til i september

No står godbitane klare på rekke og rad.

Jaja. Det er trist å seie det, men no er den sommaren eg no har snakka om i eit halvt år eigentleg over. Morgonane er kalde, vinden har allereie blitt sur og grinete, og sola viser oss fingeren.

Det er ikkje greitt å vere nordmann.

Men å vere spelentusiast er noko heilt anna. Vi har nett lagt bak oss ei lovande og solid opptakt til haustsesongen. Sleeping Dogs imponerte stort, Kingdom Hearts 3D: Dream Drop Distance fekk fråden til å stå ut kjeften ikkje ulikt det grøne spyet til den søte jenta i Eksorsisten, og vi har kosa oss med fargerik plattformaction, og arbeida oss gjennom atter ein zombieinvasjon.

Noko må ein jo gjere medan ein ventar på hausten. For det er no det startar. September er sjeldan den heilt store spelmånaden, men det kjem som regel eitt og anna svært, lekkert og lenge etterlengta spel. I år er ikkje noko unntak. September blir fylt med både action og eventyr, og vi gler oss stort. Bruk tida godt folkens, snart blir du lenka til skjermen!

Tekken Tag 2, spelet som gjer øving kult.
Tekken Tag 2, spelet som gjer øving kult.

Tekken Tag Tournament 2

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 14. september

Endeleg kan du hakke laus på venene dine igjen. Som med det første Tekken Tag Tournament står lagsamarbeid i sentrum for oppfølgjaren, men det er ikkje alt. No kan du spele aleine mot to andre spelarar om du skulle ha overdriven tru på eigne ferdigheiter. Samtidig er det mykje som kan tyde på at dette blir eitt av dei lekraste slåssespela vi har sett så langt. Alt har gått gjennom poleringsmaskina, og ut kjem levande miljø og høgt detaljerte kampkjemper.

Ei veldig spanande nyvinning er den nye treningsmodusen som går bort frå kva vi stort sett får servert av sjangeren. No skal alle som ein kunne lære å slå ut tenna på kvarandre. Gjennom mange varierte og forhåpentlegvis artige utfordringar skal du lære deg alle dei små detaljane spelet har å by på. Kven veit, kanskje blir du den neste Tekken-meisteren?

Les meir om Tekken Tag Tournament 2

Kroppen er klar, så klar, så alt for, alt for klar.
Kroppen er klar, så klar, så alt for, alt for klar.

Borderlands 2

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 21. september

Kven ventar vel ikkje på denne godsaken? Heilt sidan Borderlands for eit par år sidan viste oss kva ekte kjærleik er, har vi venta og sikla etter meir. Vi vil ha fleire våpen, det var ikkje nok med 500 000 i første omgang. Vi vil ha meir absurd humor, fleire feite område. Og det får vi. Alt blir større i denne oppfølgjaren, og spelet vil by på eit mykje meir variert innblikk i planeten Pandora enn kva det første spelet makta å vise oss.

Det er vanskeleg å halde entusiasmen tilbake. Med Borderlands viste Gearbox oss korleis ein verkeleg skal halde eit spel i live, sjølv lenge etter lansering. Med regelmessige oppdatering som gav oss nye og tidkrevjande oppdrag fulle av moro, fekk spelet eit langt liv, og folk ville berre ha meir. No får vi meir, og vi gler oss som små born med eit farleg godt forhold til eksplosivar.

Les meir om Borderlands 2

Austens vakre idyll.
Austens vakre idyll.

World of Warcraft: Mists of Pandaria

Plattform: PC, MAC
Ute: 25. september

Heilt sidan Warcraft III dukka opp for vel over ti år sidan har pandabjørnar hatt ei heilt spesiell rolle i Warcraft-universet. Den glade og smått alkoholiserte pandahelten frå Warcraft III var noko heilt for seg sjølv, og det er mange som har lengta etter å få leike seg som pandabjørn i World of Warcraft.

No er snart tida inne. I løpet av månaden kjem atter ei ny utviding til det stadig populære World of Warcraft. I rolla som ein såkalla pandaren kan du i tillegg ta på deg rolla som ein munk. Her er det ikkje store økser og enda større skjold som er viktig. Pandaren er kampsportmeistrar frå det fjerne aust. I vakre bambusskogar får vi tru du får sparka frå deg og rundjula fiendane dine med ein arm på ryggen og eit strå i munnvika.

Les meir om World of Warcraft: Mists of Pandaria

Eitt av få høve der menn ikkje er redde for nærkontakt.
Eitt av få høve der menn ikkje er redde for nærkontakt.

FIFA 13

Plattform: PC, PlayStation 2, PlayStation 3, PSP, PlayStation Vita, Xbox 360
Ute: 27. september

FIFA treng nok ingen introduksjon. For mange er det årets høgepunkt, og for ein fotballfob som meg er det alltid like sørgjeleg med den årlege FIFA-turneringa på Gamer.no sin sommarfest. Eg er nok derimot i eit dramatisk undertal. Serien haustar massiv suksess kvart år, og EA har gjort sport i å gjere små, men merkbare endringa i kvar utgåve. Samtidig vil jo ein ekte fotballfan gjerne ha eit spel som er oppdatert etter siste kurs i den verkelege fotballverda.

Etter fjordårets oppdatering på forsvarsfronten, er det no ballmotaket som skal til pers. No vil kvar spelar sine ferdigheiter med ballen påverke korleis mottaket utspelar seg, noko som definitivt kan tvinge både den eine og den andre til å tenkje nytt. Som om det ikkje var nok har utviklarane jobba mykje med fysikkmotoren, noko som òg vil påverke korleis både den eine og den andre oppfører seg på bana.

Les meir om FIFA 13

Framtidas gitartime?
Framtidas gitartime?

Rocksmith

Plattform: PC (18.oktober), PlayStation 3, Xbox 360
Ute: 27. september

Det er no ei stund sidan førre gong det verkeleg var oppstuss rundt eit nytt gitarspel. Guitar Hero-bølgja har stilna for lenge sidan, og det som for nokre år tilbake var den store snakkisen, er no kvelt i mørkret. Vi har ikkje mykje grunn til å tru dette vil endre seg med Rocksmith, men dette fascinerande "spelet" frå Ubisoft fortener likevel sin plass på lista.

Dette er ikkje eit spel der du speler liksomgitar, her spelar du faktisk gitar. Plugg inn instrumentet ditt, og gjennom ei lang liste med herleg rock kan du terpe og terpe for å spele dei forskjellige låtene slik dei faktisk kan spelast. Er dette framtidas gitarskule? Endeleg ein interaktiv og underhaldande måte å lære det som elles har basert på endelause timar med småkjip repetisjon?

Les meir om Rocksmith

Snadder for alle

Eit etterlengta gjensyn med ein gammal ven.
Eit etterlengta gjensyn med ein gammal ven.

Som vanleg er det mykje meir i vente enn dei spela vi spesielt trekk fram. Haustrushet er ikkje over oss heilt enno, men av spelkalenderen vår kan du sjå at vi er godt på veg. Om sport er di greie kan du utover FIFA 13 glede deg til meir ishockey i NHL 13. Skulle det heller vere slåssing som er din heilage gral, og det ikkje er nok med Tekken Tag Tournament 2 får du meir å bryne deg på i Dead or Alive 5.

For racingentusiastane får vi eit nytt formel 1-spel i F1 2012, medan du kan kose deg med tog i Train Simulator 2013 om du ikkje er så veldig glad i høg fart. Eventuelt kan du sjekke ut Port Royale 3.

September vil i tillegg gi oss eit gjensyn med det mildt sagt legendariske rollespelet Baldur's Gate, sidan Baldur's Gate: Enhanced Edition endeleg er klart for lansering. Blir dette for valdeleg og storslagent for deg, kan du kanskje heller kose deg med dei ville dyra i det sære spelet Tokyo Jungle, eller løyse nokre mysterium i The Testament of Sherlock Holmes. Gløym heller ikkje at du kan adoptere ein unge i den nye Skyrim-utvidinga Heartfire.

Ein ting er i alle fall sikkert. Nytt tida godt, for i oktober blir det kaos på alle frontar. Her i Gamer.no brukar vi tida akkurat no til å hugse på alle dei vakre tinga i livet, sidan dei mange, lange, og tidvis smertefulle speleøktene vi stort sett må gjennom så snart oktober startar gjev både den eine og andre blant oss evige men. Eller grå stær, det varierer.

Norges beste mobilabonnement

Juni 2017

Kåret av Tek-redaksjonen

Jeg bruker lite data:

Ice Mobil 1 GB


Jeg bruker middels mye data:

Telio Go 5 GB


Jeg bruker mye data:

Komplett Maxiflex 12 GB


Jeg er superbruker:

Komplett Megaflex 30 GB


Finn billigste abonnement i vår mobilkalkulator

Forsiden akkurat nå

Til toppen